Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:217 (2023-2024)
Innlevert: 23.10.2023
Sendt: 23.10.2023
Besvart: 30.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis fylkeskommunane kan bidra til å få antallet hardt skadde og drepte på fylkesvegnettet redusert, med bakgrunn i regjeringa sitt statsbudsjettframlegg?

Begrunnelse

Risikoen for å bli hardt skadd eller drept på fylkesvegane er nesten 90 pst. høgare enn på riksvegane. Det viser ulykkesstatistikken for 2018-2021 ifølge vegvesenet.
Vegvedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane har auka frå 45-75 milliard kr til heile 85-95 milliard kr syner siste rapport frå Statens vegvesen pr 2022.
I denne situasjonen aukar regjeringa midlane til å styrke vedlikeholdet og utbetringar på fylkesvegnettet med skarve 26 million kr frå 2023 til 2024.
Midt opp i dette opplever fylka at løyvingane til fylkeskommunane generelt er i realiteten kutt, og som igjen vil føre til mindre vegvedlikehold på fylkesvegnettet.
Møre og Romsdal fylkeskommune skriver i sitt notat ang statsbudsjettet til fylkestinget datert 9/10-23:

"Den nominelle veksten frå 2023-2024 i dei frie inntektene for fylkeskommunane på landsbasis er anslått til 5,2 %. Møre og Romsdal sin nominelle vekst er på 3,3 %. Korrigert for den kommunale deflatoren på 4,3 %, så gir dette ein reel negativ vekst på 1,0 %. defaltoren er samansett av vekta lønsvekst på 4,9 % og prisveksten på varer og tjenester på 3,4 %"

Dette betyr at i eit fylke med heile 86 % av vegnettet som er fylkesveg, blir situasjonen budsjettmessig svært krevjandes for å kunne satse på vegvedlikehold og heilt nødvendige utbetringar av fylkesvegnettet samt dekkelegging.
Midt opp i dette har fylka fått resultatet av ekstremvær slik som "HANS" men også betydelige utfordringar med ras og andre tilstandar som påverkar fylkesvegane negativt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Trafikktryggleik er eit viktig område for denne regjeringa, og vi følgjer tett med på utviklinga i antall drepte og hardt skadde. Eg er også uroa av ulykkestala på fylkesvegnettet.
Denne regjeringa prioriterer kommunane og fylkeskommunane, og vil gi kommunar og fylkeskommunar gode rammar slik at dei kan gi innbyggjarane dei tenestene dei har krav på. Fylkesvegane finansierast i all hovudsak over rammetilskotet til fylkeskommunane på budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa ei auke på 1,3 mrd. kr. i dei frie inntektene til fylkeskommunane.
Fylkeskommunane brukte i 2021 19,9 mrd.kr til drift, vedlikehald og investering på fylkesvegnettet, og i 2022 var dette beløpet auka til 22,9 mrd. kr.
Staten har gjennom mange år gitt store beløp med ei særskilt fordeling til opprusting og fornying av fylkesvegane. I forslaget for 2024 utgjer den særskilte fordelinga til fylkesveg 1,75 mrd. kr over rammetilskotet. I tillegg kjem eit øyremerkt tilskot på Samferdselsdepartementets budsjett på 415 mill. kr, som vidareførast i 2024.
Eg vil minne om at årsakene til trafikkulukker er samansett, og at forhold ved vegen er eitt av fleire element i dette biletet. På fylkesvegane dominerer utforkøyringsulukker, og trafikantåtferd er då ofte ei avgjerande faktor. Fart, rus og risikoskapande åtferd er utfordrande for trafikktryggleiken uavhengig av vegeigar.
Trafikktryggleiksarbeidet i Noreg famnar alle vegeigare, og nyttar sams tiltak overfor infrastruktur, køyretøy og trafikantar. Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet 2022-2025 (regjeringen.no), gir ei god oversikt over aktørane og tiltaka som nyttast.
Fylkeskommunen har og etter vegtrafikklova § 40 a, eit eige lovfesta ansvar for trafikksikkerheitsarbeidet i fylket. Eg opplev at dei, mellom anna i samarbeidet om tiltaksplanen, varetek dette ansvaret godt.