Ingrid Fiskaa (SV): Kan utanriksministeren garantera at norske våpen ikkje blir brukt i Israels krigsbrotsverk på Gaza?
Begrunnelse
I snart fire veker har Israel bomba Gazastripa. Meir enn 8 000 sivile er drepne. Ifølgje Redd Barna blir eit barn drepe kvart tiande minutt. Dei menneskelege lidingane går sterkt inn på oss alle. Regjeringa har endeleg slått fast at Israel bryt humanitærretten.
USA er den største leverandøren av våpen til Israel og den nest største handelspartnaren for norsk våpenindustri. Norske våpenprodusentar har også fabrikkar i USA. Omgrepet "norske våpen" i spørsmålet omfattar også dei våpna som er produsert i utlandet av norske våpenselskap.