Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:543 (2023-2024)
Innlevert: 28.11.2023
Sendt: 28.11.2023
Besvart: 04.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kvifor blir vegprosjekt i regi av Statens vegvesen og Nye Veier kalkulert og budsjettert med meirverdiavgift i oppgitte kalkyler, medan jernbaneprosjekt ikkje har meirverdiavgift inkludert i sine kalkyler - som er kostnadsgrunnlaget i NTP og årlige budsjetter?

Begrunnelse

Det vises til spørsmål dokument 15:1202 (2022-2023) besvart 06.02.23 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. I svaret kjem det fram at:

«Som statsføretak er ikkje Bane NOR omfatta av nettoføringsordninga for meirverdiavgift, men er meirverdiavgiftspliktig.»

Grunnlaget er å finne i Deres ref. (regjeringen.no) (rundskriv R-116 Nettoføringsordning for budsjettering og regnskapsføring av merverdiavgift i statsforvaltningen).
Dette skaper eit misforhold i samanlikninga mellom vegprosjekt og jernbaneprosjekt i disfavør av vegprosjekta i den alminnelege debatt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Skilnaden mellom prosjekta kjem m.a. av tilhøvet til meirverdiavgiftslova.
Verksemder som er ein del av staten som rettssubjekt er i hovudsak utanfor meirverdiavgiftslova og har ikkje frådragsrett for meirverdiavgift. Etter at det såkalla vegfritaket i meirverdiavgiftslova blei avvikla frå 1. januar 2013, fell Statens vegvesen utanfor meirverdiavgiftslova. Etaten er heller ikkje omfatta av ordninga for nettoføringsordninga for meirverdiavgift som inneber at meirverdiavgift blir ført på eit felles kapitel i statsbudsjettet. For riksvegprosjekt som Statens vegvesen har ansvar for, må etaten derfor betale meirverdiavgift. For å få fram heile kostnaden ved eit prosjekt må òg meirverdiavgifta takast med i kalkylen for prosjektkostnaden både i dei årlege statsbudsjetta og i Nasjonal transportplan.
Nye Veier AS yter tenester til staten ved å ta på seg ansvaret for konkrete vegutbyggingsprosjekt. Løyvinga på statsbudsjettet er vederlag til selskapet for bygging av prosjekt i samsvar med avtalar mellom selskapet og staten. Dette vederlaget blir etter meirverdiavgiftslova sett på som vederlag for desse tenestene. Selskapet er registrert i meirverdiavgiftsregisteret og har frådragsrett.
Frå 1. januar 2005 blei det innført full meirverdiavgift på infrastruktur på jernbane. Det blei da definert at det daverande Jernbaneverket dreiv næringsverksemd og blei meirverdiavgiftspliktig. Dette blei ikkje endra da Bane NOR SF blei oppretta. Som statsføretak er Bane NOR SF er meirverdiavgiftspliktig og har frådragsrett. Jernbanedirektoratets kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SDF er ikkje meirverdiavgiftspliktig omsetning.
I statsbudsjettet er alle løyvingar gitt i tråd med kontantprinsippet i Stortinget sitt løyvingsreglement. Dette inneber at det for dei ulike transportformene skal det løyvast i tråd med dei kontante utgifter som skal betalast. Rammene i NTP byggjer òg på dei løyvingane som skal følgjast opp i dei årlege statsbudsjetta.