Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram status på slike eksisterande innfartsparkeringsanlegg her i landet, og synleggjere dette fram med kart, gjeldande fasilitetar på dei enkelte innfartsparkeringsområda, samt kapasitet, og kan samferdselsministeren også leggje fram om der er slike anlegg under bygging/planlegging?
Begrunnelse
Innfartsparkering er eit tilbud som medfører at fleire kan unngå å måtte ta med seg bilen heilt inn i dei største byane.
Vanlige folk har behov for bilen i sitt daglige liv, og må sjølvsagt kunne køyre barn i barnehage og på skule samt andre gjeremål i starten av ein hektisk kvardag.
Eit godt utbygd tilbod for innfartsparkering i kombinasjon med eit like godt utbygd kollektivtilbud derifrå til bysentrum, er sjølvsagt viktig. Eit slikt innfartsparkeringsområde må ha nødvendige fasilitetar slik som overbygg, varmerom, toalett osv., slik at det reelt er mulig å kunne vente på kollektivtilbud på ein skikkeleg måte.