Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:599 (2023-2024)
Innlevert: 04.12.2023
Sendt: 05.12.2023
Besvart: 11.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren "abdisert" overfor resten av regjeringa, når han tillater at vedlikeholdet av norske veier blir redusert i statsbudsjettet for 2024, med kraftig auke av vegvedlikeholdsetterslepet, noko som kan føre til enda ein auke i antall dødsulykker og alvorlige ulykker på norske veier, og kor mange liv skal måtte gå tapt før regjeringa begynner å prioritere tilstrekkeleg vedlikehold av riks og fylkesvegnettet samt rassikring?

Begrunnelse

Regjeringen satser ikkje på trygge veier i årets statsbudsjett, og vedlikeholdet av veiene går faktisk ned, i ei tid der ant dødsulykker og alvorlige ulykker på norske veier øker. Vegvedlikeholdsetterslepet blir vist til av regjeringa sjølv, å auke med heile 1,2 milliard kr i 2024. Fylkesveiene står også for en sto del av dødsulykker og dei alvorlige ulykkene og fylkene har fått reelle kutt i sine budsjett slik at vedlikehold av veiene blir kuttet der også.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til svaret eg gav representanten Frank Edvard Sve på spørsmål 5 i Stortingets spørjetime onsdag den 15. november 2023.
Regjeringa satsar på å ta vare på vegane våre. I forslaget til statsbudsjett for 2024 har vi foreslått å løyve 9,7 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar. Samla sett er det sett av meir pengar til drift og vedlikehald av riksvegar i budsjettforslaget for 2024 enn det som blei løyvd i saldert budsjett for 2023. Løyvinga har ein anslått fordeling på 6,6 mrd. kr til drift og 3,1 mrd. kr til vedlikehald. Midla sett av til vedlikehald er foreløpig ikkje fordelt på enkeltprosjekt.
Med budsjettforslaget er det lagt til grunn at vedlikehaldsetterslepet på riksveg blir redusert med om lag 100 mill. kr i 2024. Ved berekning av reduksjonen av vedlikehaldsetterslepet på riksveg må man ta med løyvingane på fleire budsjettpostar. I tillegg til løyvingane til drift og vedlikehald av riksveg på kap. 1320 Statens vegvesen, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, kjem òg løyvingane til fornying og mindre investeringstiltak på riksveg, spesielt til tunneloppgraderingar, både på post 29 OPS-prosjekt og post 30 Riksveginvesteringar.
At regjeringa prioriterer drift og vedlikehald, viste vi òg i revidert statsbudsjett, der budsjettet blei styrka med til saman 1,2 mrd. kr utover den styrkinga som alt låg inne i det opphavelege budsjettet, slik at vi fekk ei rekordhøg satsing på drift og vedlikehald av riksvegane i 2023.
Eg meiner at vi samla sett frå regjeringa har levert eit godt balansert vegbudsjett i forslaget til statsbudsjett for 2024. Det er eit vegbudsjett som leverer godt på mange viktige område, mellom anna på trafikktryggleik, oppstart av nye store riksvegprosjekt, mindre investeringar inkludert skredsikringsprosjekt og midlar til drift og vedlikehald. Vi har òg foreslått å styrke fylkesøkonomien med ein auke på 1,3 mrd. kr i dei frie inntektene til fylkeskommunane. Dette kan fylkeskommunane prioritere å bruke mellom anna på fylkesvegane sine.