Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokalisert til Oslo-regionen (Fornebu).
Kan utanriksministeren legge fram den skriftlege vurderinga som vart gjort i lokaliseringssaka, slik at Stortinget får innsyn i kva kriteria som vart brukt i vurderinga av lokalisering av den nye etaten og korleis dei ulike kandidatane (Fornebu, Bergen og Sandefjord) vart vurderte etter desse kriteria?
Begrunnelse
Opprettinga av den nye etaten for eksportkontroll fell inn under regjeringa sine retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar, som skal medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo-regionen.
Ifølge pkt. 5.1 i retningslinjene skal det i slike saker ligge ei skriftleg vurdering til grunn for val av lokalisering der følgjande omsyn skal leggast til grunn: Vilkår for lokalisering, Vurdering av lokaliseringspolitiske omsyn og kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing. Kvart av desse omsyna er nærare omtalt i pkt. 5.2 i retningslinjene.
Dei ulike omsyna skal vegast mot kvarandre, og det skal gå fram av vurderinga korleis dei ulike omsyna påverkar kvarandre og på kva måte motstridande omsyn er tekne hand om.
Representanten Sveinung Rotevatn (V) har i skriftleg spørsmål til kommunal- og distriktsministeren bedt om å få innsyn i denne vurderinga (Dokument nr 15:561 (2023-3024)), men kommunal- og distriktsministeren syner i svaret til at det er Utanriksdepartementet som ansvarleg fagdepartement som har stått for vurderinga.
Eg ber difor utanriksministeren om å legge fram for Stortinget den omtalte skriftlege vurderinga med grunnlag i pkt. 5.1 og 5.2 i Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar.