Ingrid Fiskaa (SV): Vil utanriksministeren kontakta israelske styresmakter og FN for å få ei forsikring om at personar tatt til fange av Israel i Gaza behandlast humant og i samsvar med krava i krigens folkerett, og vil ministeren be om ei forsikring om at Den internasjonale Røde Kors-komiteen får tilgang til fangeleirar og høve til å føra tilsyn med korleis fangar vert behandla og korleis rettane deira vert ivaretatt?
Begrunnelse
Dei siste vekene har me gjennom media blitt presentert for bilete av fangar tatt av det israelske militæret i Gaza. Ifølgje IDF har dei tatt til fange Hamas-soldatar, men det er ikkje stadfesta frå anna hald.
Uansett om det er krigsfangar eller sivile som er tatt til fange, må Israel retta seg etter internasjonale reglar for korleis fangane skal behandlast, nærare bestemt artikkel 1 felles til Genevekonvensjonen. Ifølgje Genekonvensjonen skal alle menneske som er i hendene til fienden – uavhengig av kva dei kallast – behandlast humant. Tortur og umenneskeleg behandling er absolutt forbode.
Bileta publisert i norske medium viser avkledde fangar med hovudet tildekt av posar som vert frakta i lastebilar. Ifølgje FNs høgkommissær for menneskerettar kan det vera snakk om fleire tusen fangar i aldersspennet 12-70 år. Det er rapportert om menneske som har døydd etter dei vart tatt til fange.