Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1168 (2023-2024)
Innlevert: 07.02.2024
Sendt: 07.02.2024
Besvart: 13.02.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Utanriksministeren har uttrykt at han ikkje trur på sanksjonar.
Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer eller stiller Israel i ein særeigen kategori?

Begrunnelse

SV har fremma forslag om sanksjonar mot Israels folkerettsstridige krig mot Gaza. 6. februar vart det stemt over 30 ulike forslag til sanksjonar i Stortinget - alt frå at Noreg skal ta initiativ til internasjonal våpenembargo til å nekta valdelege busettarar på Vestbreidda innreise. Fleire av forslaga handlar om å ta initiativ til eller støtta internasjonale sanksjonar. Regjeringspartia støtta ingen av forslaga.
Utanriksministeren uttrykte både i stortingssalen under debatten om forslaga 1. februar og i media at han ikkje trur på sanksjonar fordi det gjer dialog om endring vanskeleg.
Ifølgje Utanriksdepartementet har Noreg i dag sanksjonar mot 27 ulike land og regionar. Det gjeld Afghanistan, Belarus, Myanmar, Burundi, Darfur, Haiti, Republikken Guinea, Guinea-Bissau, Irak, Iran, Jemen, Den demokratiske republikken Kongo, Libanon, Libya, Mali, Moldova, Nicaragua, Nord-Korea, Russland, Den sentralafrikanske republikken, Somalia, Syria, Sør-Sudan, Tunisia, Ukraina, Venezuela og Zimbabwe. 18 av desse er underlagt våpenembargo.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Då vi debatterte dette i Stortinget 1. februar kom det tydeleg frem at regjeringa meiner det er multilaterale, globale og tvingande sanksjonar som har størst moglegheit til å påvirke ein stat til å endre adferd. Eksempel på dette er sanksjonar som FNs Tryggingsråd eller EU har vedtatt.
Noreg har totalt 31 sanksjonsforskrifter. Desse er knytt til situasjonen i særskilde land, men og tema som cyberangrep, menneskerettar og kjemiske våpen. Det varierer og om sanksjonane retter seg mot sjølve landsituasjonen, eller mot einskilde personer i eit land, eller begge deler. Dei sanksjonsregima Noreg er tilslutta, er enten sanksjonar som er vedtatt av FNs Tryggingsråd, eller dei er EU-sanksjonar. Verken Tryggingsrådet eller EU har vedtatt sanksjoner mot Israel.
Eg viser også til mitt svar på Representantforslaget frå SV DOK 8:40 S (2023-2024) og svar på skriftleg spørsmål frå Stortinget nr 640, 817 og 829.