Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva er grunngjevinga for å ha ulik prosentandel for inntektsutjamning i fylkeskommunene og kommunene sitt inntektssystem?
Begrunnelse
Regjeringa har meldt at den skal legge fram ei eiga melding om nytt inntektssystem for kommunene våren 2024. Grunnlaget for meldinga er NOU 2022:10 Inntektssystemet for kommunene, som var på høyring med frist i januar 2023. I dagens inntektssystem har kommunene ei symmetrisk inntektsutjamning på 60 %, samt ein tilleggskompensasjon til kommuner med skatteinntekter på under 90 % av landsgjennomsnittet. Inntektssystemutvalet foreslår som alternativ 1. å auke dagens inntektsutjamning frå 60 % til 65 %.
I fylgje regjeringa sine nettsider så har fylkeskommunene hatt symmetrisk inntektsutjamning sidan 2015. Dette inneber at refersansenivået i inntektsutjamninga er sett til landsgjennomsnittet for skatt per innbygger, som vil seie at 100 % av landsgjennomsnittet, og at kompensasjons og trekkgraden er like. I inntektssystemet til fylkeskommunene er det vedteke ein utjamningsprosent på 87,5. Det vil seie at alle fylkeskommuner med skatteinntekter under landsgjennomsnittet per innbyggar blir kompensert for 87,5 prosent av differansen mellom eigen skatteinngang og landsgjennomsnittet.