Birgit Oline Kjerstad (SV): I den nye asyl og migrasjonspakta frå EU har det blitt vedteke ei så kalla “frivillig solidaritetsmekanisme”.
Har Norge signert pakta, og i så fall korleis vil Norge delta i fordelinga av asylsøkarar for å dempe presset på dei store mottakerlanda?
Begrunnelse
I desember 2023 vart det vedtke ein ny asyl og migrasjonspakt mellom EU landa. Avtalen mellom EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EUs medlemsland dekker viktige deler av EU-lovgivinga knytt til grenseforvaltning, asylprosedyrer og datainnsamling. I pakta har det blitt vedtek ei “frivillig solidaritetsmekanisme” for å lette trykket på mottakerlanda i Sør-Europa.
Det vert stilt spørsmål om den foreslåtte solidaritetsmekanismen vil bidra tilstrekkeleg til at asylsøkarar og flyktningar i dei store mottakerlanda i sør får den hjelpa dei treng. Bidrag til å dele på byrden mellom landa vil være friviljug, og bidrag til grensekontroll og til å halde tilbake migranter i tredjeland vil også reknast som solidariske tiltak. Denne mekanismen fører til at land vil kunne “kjøpe seg fri” frå å ta imot asylsøkere.