Alfred Jens Bjørlo (V): Nytt regelverk for innleige gir i praksis «næringsforbod» for tusenvis av sjølvstendige IT-konsulentar, og tvinger dei enten til å legge ned si eiga bedrift eller gå over på ei avtaleform (oppdragsavtaler) som er ueigna for moderne og komplekse IT-prosjekt, ikkje minst i staten.
Korleis vurderer digitaliserings- og forvaltingsministeren at ei slik regelverksendring vil påverke offentleg forvalting si evne til rask og smidig digitalisering og fornying, og er departementet konsultert i arbeidet med å rydde opp i dei nye reglane?
Begrunnelse
Frå 1. januar 2024 må alle bemanningsforetak som driv med utleige av arbeidskraft, søke om å bli godkjent av Arbeidstilsynet for å kunne drive lovleg.
I praksis gjer det at tusenvis av konsulentar i IT-bransjen organisert som enkeltmannsforetak eller AS med berre ein tilsett får «næringsforbod», fordi desse bedriftene i følge Arbeidstilsynet ikkje kan søke om godkjenning som bemanningsforetak.
I eit svar til underteikna om denne saka nylig, Dokument nr. 15:1468 (2023-2024), presiserte Arbeids- og inkluderingsministeren at det i teorien framleis er mulig for ein arbeidsgivar å kjøpe inn tenester frå sjølvstendige konsulentar - men at det i så tilfelle må skje gjennom eit definert «oppdrag», der konsulenten har eit sjølvstendig leveranseansvar og ikkje arbeider med løpande oppgåver som del av eit samhandlande team (SSA-O kontrakter i statleg terminologi).
Denne type «bokstenking», der kvar enkelt prosjektmedarbeidar arbeider med eit strengt avgrensa oppdrag med sjølvstendig resultatansvar, er ein gammaldags måte å arbeide på som for lengst har gått ut på dato i IT-bransjen, og som etter underteikna sitt syn vil setje arbeidet med digitalisering og fornying av offentleg sektor langt tilbake i tid.
Dei aller fleste større statlege og private bedrifter med omfattande IKT-behov, har no eigne interne utviklar-team som jobbar smidig og kontinuerlig med IT-system. Treng dei mer kapasitet, vil dei gjere det ved å leige inn konsulentar som jobbar side om side med interne utviklarar, leia av kunden. Dette er ei arbeidsform som alle partar er nøgde med og trivst med, og som gir meir fridom og fleksibilitet for alle (SSA-B kontrakter i statleg terminologi).
Det kan umulig vere regjeringa sin intensjon å skru klokka tilbake til fortidas måte å arbeide med IT-utvikling i offentleg sektor på. Eg håpar difor Digitaliserings- og forvaltingsministeren vil engasjere seg i å rydde opp i denne saka, til dømes ved rett og slett å sørge for at enkelmannsforetak og AS med ein ansatt kan registrere seg som bemanningsforetak.