Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1162 (2024-2025)
Innlevert: 10.02.2025
Sendt: 10.02.2025
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 17.02.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva er resultatet av det arbeidet som har pågått for å lempe på ulempene som inndragning av fravik av kviletidsbestemmelsane for ferjemannskap har hatt, og har dette arbeidet resultert i at pendlarar no kan oppleve føreseielege avgangar slik det var før inndraging fann stad?

Begrunnelse

I løpet av 2023, og starten av 2024 stramma Sjøfartsdirektoratet inn adgangen til å fravike kviletidsbestemmelsane for ferjemannskapa. Dette gjeld også i forbindelse med beredskapsoppdrag. Det førte til at om ferja har hatt eit beredskapsoppdrag kl. 04:00, vil fleire av avgangane oppsett på morgonen gå ut fordi mannskapet skal få den nødvendige kviletida.
Næringsdepartementet gav i sommar beskjed til sjøfartsdirektoratet at dei skulle utvide dispensasjonstida, for å få på plass gode ordningar som gjer at pendlarar, næringstransport og reisande kan stole på at ferja går. Men dette er uansett ei midlertidig ordning, og dei permanente løysingane må etterkvart kome på plass.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: I mitt svar på spørsmål nr. 731 viste eg til at fleire av Sjøfartsdirektoratet sine vedtak om avslag på søknader om dispensasjon frå kviletidsreglane, blei oppheva av Nærings- og fiskeridepartementet sommaren 2024. Sakene blei sendt tilbake til Sjøfartsdirektoratet for ny vurdering i første instans. Departementet ga samtidig føringar til direktoratet om at dei i vurderinga av om dispensasjonar frå kviletidskrava skal innvilgast, i enda større grad skulle vektlegge om mannskapet, reiarlaget og/eller sjømannsorganisasjonane hadde gitt si støtte til skiftordninga dei hadde søkt om.
Departementet avgjorde i tillegg at reiarlaga som ville få søknadene sine handsama på nytt, skulle få mellombels dispensasjon til å operere i samsvar med skiftordninga som sist hadde vore gjeldande i sambandet. Det same gjaldt for reiarlaga som sender inn nye søknader om dispensasjon, og dei som ber direktoratet om å omgjere tidlegare avslåtte søknader. Føremålet med å innvilge midlertidige dispensasjonar var at reiarlaga som fekk handsama dispensasjonssøknadene sine, skulle kunne ha kontinuitet i drifta inntil sakene blir avgjorde.
I svaret på spørsmål nr. 731 informerte eg også om at det har vore mykje dialog mellom Sjøfartsdirektoratet og partane om praksisen knytt til kviletidsreglar i ferjesamband. Direktoratet er no i sluttfasen med å vurdere partane sine innspel til ein ny rettleiar for dispensasjon frå minstekrava til kviletid. Beredskapssamband er blant punkta som har blitt drøfta, og som har vore mest krevjande.
Til slutt vil eg vise til samferdselsministerens svar på spørsmål nr. 1020, og til helse- og omsorgsministerens svar på spørsmål nr. 1002, der dei skriv at Samferdselsdepartementet har samarbeidd med Helse- og omsorgsdepartementet for å finne fram til løysingar på problema med beredskapssamband.