Skriftlig spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1376 (2024-2025)
Innlevert: 24.02.2025
Sendt: 24.02.2025
Besvart: 28.02.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Lisa Marie Ness Klungland (Sp)

Spørsmål

Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Vil statsråden sikra arbeidsplassane i kriminalomsorga på Haugalandet?

Begrunnelse

Senterpartiet var i regjering opptatt av å behalda tenester nært folk og å sikra ei spreiing av arbeidsplassar og bevara kompetanse. Det gjaldt også for kriminalomsorga.
I ein rapport levert av Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg datert 8. mars 2024 om framtidig fengselskapasitet er både Sandeid og Haugesund fengsel føreslått nedlagd. Haugesund har plassar for høg sikkerheit og Sandeid låg sikkerheit. I forslaget frå Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg ønsker dei å redusera desse totalt 106 plassane og bygga nye 54 plassar på ein uviss plass. Det betyr at me kjem til å mista verdifull kompetanse og erfaringar bygd opp gjennom mange år.

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i fengselsporteføljen, og mange fengsel er gamle og ikkje eigna for dagens eller framtidas kriminalomsorg, sjølv med betydelege investeringar. Dette var bakgrunnen for at Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i 2023 fekk i oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet om mellom anna å kartleggje og vurdere den bygningsmessige tilstanden til fengsla og om dei er eigna.
I rapporten Fremtidig fengselskapasitet. Vurderinger og anbefalinger fra Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg kjem det fram at 50 prosent av einingane vil ha behov for større tiltak omgåande eller i nær framtid (innan ti år). Fleire av fengsla har i tillegg eit betydeleg funksjonsetterslep med mangelfulle lokale til mellom anna aktivitet og fellesskap for dei innsette. Samstundes kjem det fram at kriminalomsorga i overskueleg framtid bør ha ein tilgjengeleg kapasitet på om lag 4 000 fengselsplassar, ein auke på 400 plassar frå i dag. Eg vil no setje meg nærare inn i rapporten.