Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa legge fram sak om juridisk definisjon og ein registreringsløysing for ideelle tilbydarar slik at Stortinget kan behandle dette i denne stortingssesjonen?
Begrunnelse
Det er over eit år sidan Avkommersialiseringsutvalet (NOU 2024:1) fremma sin delrapport som tilrådde registrering og definisjon av ideelle tilbydarar på velferdsområdet, og kom med konkrete forslag på både juridisk definisjon og registreringsløysing om dette. Høyringa var avslutta i mai 2024. På Senterpartiets innspelsmøte i Stortinget om ideell sektors sin plass i helse- og omsorgssektoren 13.2.25, var det ei unison tilbakemelding frå tilbydarar og organisasjonar på feltet om at det hastar med å få dette på plass, og at regjeringa no må sørge for oppfølging av desse to forslaga i NOUen. Det er avgjerande etter mi vurdering at dette ikkje blir liggande over valet, men at Stortinget får denne saka til handsaming slik at den behandlast før sommaren. Denne saka er ikkje med i oversikta over planlagte saker frå regjeringa denne våren.