Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1699 (2024-2025)

Innlevert: 21.03.2025
Sendt: 21.03.2025
Besvart: 28.03.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er svært spent. Delstatsleiaren Milorad Dodik ynskjer å lausriva Republika Srpska og har forsøkt seg på grunnlovsstridige vedtak om utestenging av bosnisk politi og rettsvesen, som svar på at han i februar vart dømd til eit års fengsel og seks års forbod mot offentleg embete. Norsk-bosniarar er bekymra for at Dayton-avtala frå 1995, som sørga for slutt på borgarkrigen, er i spel.
Kva gjer utanriksministeren for å medverka til å stabilisera situasjonen i Bosnia-Hercegovina?

Begrunnelse

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er fastlåst og meir spent enn på lenge. Styresmaktene i Republika Srpska-entiteten (RS), leia av president Milorad Dodik, har den siste tida gjennomført fleire omstridte og lovstridige grep som bidreg til å undergrave statens integritet. Dodik vart i slutten av februar dømt til eitt års fengsel og mellombels utestenging frå embetet som entitetspresident for å ikkje etterkome Høgrepresentantens avgjersler.
Lovvedtaka og dei politiske utspela frå leiande politikarar i RS skaper frykt og uro i samfunnet. Det internasjonale samfunnet må bidra til demping av spenningsnivået, og Europa har eit særleg ansvar. Ei eskalering av den politiske krisa og eit meir ustabilt Bosnia-Hercegovina vil få alvorlige konsekvensar, ikkje berre for Bosnia-Hercegovina, men også for regionen og resten av Europa.
Noreg står saman med europeiske partnarar og USA samla i å oppmode alle politiske representantar i Bosnia-Hercegovina til å respektere landets institusjonar og la dei gjera jobben sin. NATOs generalsekretær Rutte gjesta nyleg Sarajevo for å stadfeste alliansens urokkelege støtte til Bosnia-Hercegovinas territorielle integritet og stabilitet. Han åtvara mot provoserande retorikk og handlingar som kan undergrave freden, og understreka NATOs forpliktingar til Dayton-avtalen. EUs militære operasjon i landet, EUFOR Althea, som skal bidra til stabilitet, er blitt styrkja.
Norske styresmakter deler uroen over utviklinga i Bosnia-Hercegovina og har uttrykt vår tydelege og klare støtte til Bosnia-Hercegovinas territorielle integritet, suverenitet og konstitusjonelle orden. Vi følgjer utviklinga tett og har kontakt med alle relevante aktørar, ikkje minst gjennom vår ambassade i Sarajevo som no òg ivaretek rollen som kontaktpunkt for NATO i landet. Frå norsk side søkjer vi å bidra til å finne løysingar på utfordringane, samt tilrettelegge for framdrift for reformer, som kjem heile folket til gagn. Det er viktig å halde fast ved målet om at framtida til Bosnia-Hercegovina og landa i regionen ligg i tettare integrasjon med EU og NATO.
Bosnia-Hercegovina har vore eit av landa på Vest-Balkan som har mottatt omfattande bistand frå Noreg dei siste tiåra. Noreg prioriterer prosjekt som går på tvers av etniske skiljeliner og som støttar det naudsynte reformarbeidet for at Bosnia-Hercegovinas skal lukkast med å bli tettare integrert med resten av Europa.
Noreg har brei tillit i Bosnia-Hercegovina og vert rekna for å vera eit truverdig og venlegsinna land. Vår rolle gjennom mange år har vore å bruke denne tilliten til å søke løysingar gjennom dialog med alle relevante aktørar i landet. Regjeringen vil halde fram med dette arbeidet. I samarbeid med nære partnarar vil vi frå norsk side gjere det vi kan for å roe situasjonen.