Birgit Oline Kjerstad (SV): Kor mange innføringsklasser er det oppretta i fylka for unge ukrainarar som har kome til Norge i aldersgruppa 16-18 år, kva fylker har slike, kva er kostnadane, og har regjeringa oversikt over kor mange i denne aldersgruppa som går utan å ha fått tilbod om norskopplæring i kommunen der dei bor?
Begrunnelse
Ungdomsåra er særleg viktige for å ta til seg kunnskap for å kunne kvalifisere seg for arbeidslivet. Unge ukrainarar i aldersgruppa 16-18 år som kjem til landet på eit tidspunkt der dei ikkje vert omfatta av dei årlege søknadsrundane til vidaregåande skule, treng språkopplæring på lik linje med barn og vaksne. Fylka har berre ei generell plikt til å gi eit tilbod om opplæring til denne aldersgruppa, men det er ikkje sett ein frist for når det skal vere gitt eit tilbod unge ukrainarar, slik som det er for barn i grunnskulealder. Fylka har det formelle ansvaret for utdanningstilbod til ungdom etter at dei er ferdige på grunnskulen, men integreringstilskotet vert gitt til kommunane, og fylka får ikkje ekstra midlar frå staten til å opprette innføringsklasser.
KS sin budsjettundersøking for 2024 syner at sosialstønadane i kommunane aukar og det blir forklart mellom anna med at utgiftene til nødvendig livsopphald for Ukrainarar har auka. På Husbanken sin konferanse Boligpulsen var det sagt frå scena av ein ordførar at det er eit problem for kommunane at integreringsprogrammet og språkopplæringa er gjort kortare for ukrainarane enn før. Dei erfarer at programmet er for kort til at mange greier å bli gode nok i norsk og kome seg i arbeid.
Det er eit mål i Norge at så mange som råd av ukrainske flyktningar med midlertidig opphaldsløyve skal kome seg i arbeid så snart som råd slik at dei kan greie å forsørge seg sjølva.