Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2034 (2024-2025)
Innlevert: 24.04.2025
Sendt: 28.04.2025
Besvart: 06.05.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Er fiskeri- og havministeren samd i at deltakarlova er for firkanta og rigid ved generasjonsskifte, og vil ministeren i så fall endre praksis ved fritaksbehandling og/eller ta initiativ til nødvendig endring av regelverket?

Begrunnelse

Den 22. april i år hadde NRK ein artikkel om Ervik Havfiske i Kinn kommune. Reiarlaget har gjennom åra bygd seg opp til å bli ei stor og viktig fiskeriverksemd med over 600 tilsette, og med svært stor aktivitet og investor i lokalsamfunnet. Av artikkelen går det fram at Ervik Havfiske står i fare for å bli selt på grunn av deltakarlova, og krava sett til at eigarar av fiskebåtar og kvotar må vere aktive fiskarar.
Nå står sju arvingar klar til overta verksemda, men i følgje leiar Robert Ervik er det ikkje praktisk mogeleg å oppfylle vilkåra i lova i dag. Det er derfor eit ønskje om å få fritak, men det går fram av artikkelen at sjansane for å få dette er små. For sjølv om statssekretær Kristina Hansen (Ap) naturleg nok seier ho ikkje kan kommentera saka konkret, blir svara tolka slik at dette ikkje er mulig.
Av artikkelen går det fram av sal av verksemda kan få svært negative konsekvensar for lokalsamfunnet, og ordførar Judith Kvåle (Ap) i Stad kommune er sitert på dette:

«Dei genererer veldig mange arbeidsplassar. De rekrutterer òg kompetanse til Nordfjord, som er vanskeleg å få tak i elles. Eg meiner at fellesskapets beste er at reiarlaget ikkje blir delt opp.»

Det er riktig som statssekretær Kristina Hansen (AP) seier at det har vore brei politisk einigheit om at deltakarlova ligg fast. Spørsmålet her blir om det er grunn til å sjå nærmare på lova og/eller praktisering av denne, og særleg om den blir for firkanta og lite fleksibel i samband med generasjonsskifte. Dette ikkje minst fordi det er tale om store verdiar som gjer det vanskeleg å løyse ut andre arvingar, og fordi reiarlag i dag gjerne har større behov for tilsette som arbeider på land enn tidlegare.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss:
Reglane om generasjonsskifte i fiskeria kjem fram av deltakarlova. Av lova følgjer det fleire krav til den som ønskjer å driva yrkesmessig fiske, blant anna blir det stilt krav om ervervsløyve. Ervervsløyve blir tildelt fartøyeigar for eitt bestemt fartøy, og inneber at berre den som har blitt tildelt ervervsløyve for fartøyet, kan nytta dette i yrkesmessig fiske eller fangst. Dei to hovudprinsippa bak tildeling av ervervsløyve er aktivitetskravet og nasjonalitetskravet.
Nasjonalitetskravet inneber hovudsakleg at den som ønskjer ervervsløyve må vera norsk statsborgar, eller likestilt med norsk statsborgar. Aktivitetskravet er eit uttrykk for prinsippet om at fiskeflåten skal vere eigd av fiskarar, som er eitt av dei bærande prinsippa i norsk fiskeripolitikk. Det følgjer av aktivitetskravet at ervervsløyve berre kan givast til den som har drive yrkesmessig fiske eller fangst på eller med norsk fartøy i minst tre av dei siste fem åra, og
framleis er knytt til fiske- og fangstyrket. Aktivitetskravet inneber at når eit føretak søkjer om ervervsløyve må personar som oppfyller aktivitetskravet inneha meir enn 50 prosent av eigarinteressene i føretaket. Personar som fyller aktivitetskravet må også ha tilsvarande kontroll over verksemda. For tilfelle der ein person ikkje oppfyller krava i deltakarlova § 6, kan det i samband med arv og generasjonsskifte bli gitt eit unntak frå aktivitetskravet. Dette unntaket inneber at ein person som overtek eit fartøy ved arv eller som ledd i eit generasjonsskifte, får eit tidsavgrensa ervervsløyve på inntil fem år til aktivitetskravet er oppfylt. Det er såleis tilrettelagt for at generasjonsskifte skal kunne gjennomførast på ein rimeleg måte, samtidig som ein sikrar at aktivitetskravet blir oppretthalde i norske fiskeri. Det er brei og tverrpolitisk semje om at prinsippa bak deltakarlova ligg fast. Prinsippet om at fiskeflåten skal vere eigd av fiskarar har også lege fast i norsk fiskeripolitikk gjennom fleire tiår. Det vil etter mi meining være utfordrande å endre på reglane om generasjonsskifte utan å rokke ved dette grunnprinsippet.