Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2101 (2024-2025)
Innlevert: 03.05.2025
Sendt: 05.05.2025
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden leggje fram dokumentasjon om nødvendige avtalar mellom politiet og dei berørte kommunane for beredskap for fjellskred frå Åkneset og Heggurdaksla, der kommunane kan nytte Nødvarsel i gul og orange beredskap jamf beredskapsplanverket for fjellskred frå Åknes og Heggurdaksla, dokumentert med arkiv nr eller vedlagt avtalen, og - dersom slik avtale ikkje eksisterar kan statsråden då forklare korleis befolkningsvarslinga fungerar i praksis når tidligare gjeldande varslingssystem er avvikla?

Begrunnelse

Viser til svar på skriftleg spørsmål nr 2023, som av ein eller anna grunn vart besvart av Energiministeren.
I svaret blir det vist til at kommunane ved å legge ned tidligere varslingssystem for varsla skred fra Åkneset og Heggurdaksla med tyfoner og utvida UMS system som varsler alle som oppholder seg i fareområdene, er erstatta med UMS og nasjonalt Nødvarsel.
Beredskapsregimet for fjellskred frå Åkneset og Heggurdaksla er forankret i egne beredskapsplaner for sjølve objekta, for kvar kommune som er råka og politi og videre opp i beredskapssystemet.
Desse plananen er basert på varslingssystemet frå Åknes/Tafjord beredskap IKS.
I kommunestyremøtet der avvikling av selskapet Åknes/Tafjord beredskap iks i Stranda den 30/4-25, vart det frå fungerande kommunedirektør bekrefta at det IKKJE finnes ein eigen avtale mellom kommunane og politiet der kommunane kan nytte Nødvarsel frå politiet til sin bruk på gul og orange beredskap der kommunane har beredskapsansvaret.
På rød beredskap er det greit for der tar politiet over og har ansvaret sjølve.
Som kjent har beredskapssystemet for Åkneset og Heggurdaksla fire beredskapsnivå i gjeldande beredskapsplanverk.

- Dette er grøn, nomrmal situasjon, gul, orange der kommunane setter krisestab og starter informasjon og flytting av kritisk infarstruktur slik som sjukeheimar, skular osv ut av flodbylgjeområdet og rød beredskap der politiet tar over og varsler med Nødvarsel.

Tyfoner var operative med bakgrunn i at INGEN kan 100% vere sikker på at eit skred frå Åkneset og Heggurdaksla skjer akkurat slik ein trur, der er ein viss sjanse for at dette kan skje betydelig raskare og uforutsett, derfor var tyfonar svært viktige i så måte.
Om nødvarselet til politiet oppfyller desse grunnlaga veit ikkje eg, men dette må ivertfall kriseleiing ved regjering ha tatt stilling til og kan dokumentere.
Når tidligare varslingssystem er lagt ned, kommunane bekrefter at dei ikkje har avtale med politiet for bruk av Nødvarsel, korleis dette skal i praksis skje, plan for dette, nødvendige tiltakskort, avtale om kven, korleis og når kommunane kan bruke Nødvarsel, vil det etter mi vurdering med bakgrunn i manglande avtalar, vere betydelige manglar med beredskapen av eit fjellskredr frå Åkneset og Heggurdaksla som må avklarast av statsråden.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig