Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Vil ministeren sikre at ferjene Storegut og Ammonia får dei ekstra løyvingane dei treng i RNB, og vise at Noreg er ein truverdig forvaltar av verdsarv?
Begrunnelse
Transportsystemet i Rjukan–Notodden industriarv, innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2015, består av eit integrert system av jernbanar og ferjesamband: Rjukanbanen, Tinnosbanen og ferjene over Tinnsjøen. Ferjesambandet er ein sentral del av heilskapen og har høg verdi både som teknisk kulturminne og som berebjelke for verdsarvverdiane.
Storegut er i dag den einaste operative ferja på Tinnsjøen. For å kunne halde fram i drift etter 1. januar 2026, må fartøyet gjennom omfattande vedlikehald i 2025, inkludert slipsetting og oppgradering i tråd med myndigheitskrav. Før dette må sjølve slipen sikrast og halden ved like. Kulturminnemyndigheitene har løyvd 9,3 millionar kroner til desse tiltaka gjennom ulike budsjettpostar og omdisponerte midlar. Likevel manglar det framleis 5 millionar kroner. Utan desse midlane vil Storegut miste sitt sertifikat og falle ut av operativ drift, noko som svekkjer både formidlinga og heilskapen i verdsarven.
Ferja Ammonia har alvorlege tekniske problem som lekkasjar og korrosjon. Naudsynte tiltak i 2025 er anslått til 10 millionar kroner, men grunna avgrensa økonomiske rammer er det valt å prioritere Storegut. Tidlegare midlar til Ammonia er derfor omdisponerte.
Det er akutt behov for 5 millionar kroner i 2025 for å sikre vidare drift av Storegut. Utan desse midlane risikerer ein:
• Å miste moglegheita til å formidle verdsarven på autentisk vis
• Svekt truverd for Noreg si forvalting av verdsarvstatusen
• Høgare framtidige kostnader ved resertifisering
• Auka risiko for forfall og tap av unikt teknisk kulturminne