Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for at kulturminnelova vert praktisert på ein måte som betre sikrar at sunn fornuft og balanse mellom ulike omsyn vert ivareteke, og at bærekraftige aktivitetar ved kulturminner vert sett på som positive og ikkje øydeleggande?
Begrunnelse
På Vereide i Gloppen har ein barnehage fått beskjed om å fjerne ein Gapahuk frå 2017 som vert brukt til å gje borna opplevingar knytt til natur, friluftsliv og til å formidle viktig historie. Gapahuken fører til at eit område som elles er lite brukt vert nytta til aktivitet og til å berike barnehageborna og andre sin kvardag. No har Riksantikvaren gripe inn fordi det er for kort avstand mellom ei gravrøys og gapahuken som barnehagen nyttar, og krevd at barnehagen flyttar gapahuken vekk frå området.
Både barnehagen, kommunen og lokalbefolkning opplever avgjerda som meiningslaust streng. I staden for å kunne nytte eit flott område som ellers er lite i bruk, og nettopp gje born og andre kunnskap om dei historiske verdiane som er gøymt under jorda, så fører stivbeint byråkrati til at området vert mindre brukt og over tid kanskje vil gro att og bli mindre tilgjengelig. Det at det også blir brukt mykje tid og ressursar på slike prosessar bidreg til ei oppfatning av at forvaltninga prioriterer unødig byråkrati i staden for å prioritere anna viktig kulturminnearbeid.
Gapahuk-saka er desverre ikkje eineståande, og det finnast fleire dømer på saker der forvaltninga med mål om å ivareta kulturminner blir så rigid at ein ender opp med løysingar der kulturminnene blir mindre tilgjengelege eller forfell fordi aktivitetar som fint kunne sameksistert med kulturminnene blir hindra eller vanskeleggjorde. Det kan over tid kan svekke legitimiteten til dette lovverket.