Alfred Jens Bjørlo (V): Kor mykje har regjeringa brukt totalt på å følge opp ventetidsløftet, kor mykje av midlane har gått til overtidsbetaling til helsepersonell i spesialisthelsetenesta, er det korrekt at legar har fått timelønn på 2 500-5 000 kroner for å arbeide overtid og oppnå kortsiktige resultat på redusert ventetid som helseministeren kan kommunisere, og kva dokumentasjon finst på at tiltaka faktisk gir folk raskare behandling og ikkje berre flyttar pasientar frå venteliste for førstegangskonsultasjon til venteliste for faktisk behandling?
Begrunnelse
Regjeringa har varsla ei storstilt satsing på å få ned helsekøane, men mykje tyder på at det i hovudsak skjer ved å betale sjukehustilsette for å jobbe meir overtid på ein måte som ikkje er berekraftig over tid.
Det skjer samstundes som private tilbydarar melder om ledig kapasitet. Leiarar ved sjukehus har peikt på at ressursane no blir dregne mot enkelte avdelingar, medan andre pasientgrupper blir ståande att i kø.
Dette gir grunn til å stille spørsmål ved om måten regjeringa arbeider med å få ned helsekøane på, er ein berekraftig og effektiv bruk av pengar og personell i helsetenesta.