Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2305 (2024-2025)
Innlevert: 25.05.2025
Sendt: 26.05.2025
Besvart: 03.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva er det som legitimerer at ferjeselskapene skal prioritere supporter busser framfor alle andre reisende?

Begrunnelse

Mottok følgende SMS varsling 23.05:
1018 Halhjem - Sandvikvåg: Søndag 24.mai kl 19:15 spilles Haugesund-Brann i Haugesund, og det må påregnes litt mer trafikk enn normalt på sambandet, både i forkant og etterkant av denne kampen.
Av sikkerhetsmessige årsaker er avgang søndag 25.mai kl 23:10 fra Sandvikvåg forbeholdt supporterbusser til Brann.
Dette er en varslingstjeneste som eg abonnerer på, noko svært mange som reiser på denne strekninga ikkje gjer. Dei vil vera heilt uforbredt på denne situasjonen. Det er heilt uhaldbart at ferjeselskapet sorterer på denne måten - det vil vera mange andre behov som burde vera meir tungtvegande om ferjeselskapet skal sortere på dei reisande.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Lokaloppgjer i fotball vekkjer stor interesse på vestlandet. Det er ei interesse eg deler og kjenner igjen frå heimbyen min Fredrikstad som nettopp møtte Sarpsborg 08 på Fredrikstad Stadion. Det blir gjerne kok og høg stemning, men også nokre utfordringar i slike lokaloppgjer. I forkant av kampen i Haugesund mellom Haugesund og Brann 25. mai hadde Statens vegvesen kontakt med Torghatten Nord som er ferjeoperatør på sambandet Halhjem–Sandvikvåg. Bakgrunnen var tidlegare hendingar med trakassering av mannskap og passasjerar og hærverk om bord. Det ble vurdert ulike løysingar for å førebyggje slike uønskte hendingar.
Det blei ikkje sett på ei løysing å nekte folk å reise med ferja eller halde dei igjen på kaien, då dette kunne gje andre utfordringar på kai. Terskelen for å nekte tilgang til ein ferjeavgang er, og skal vere, høg. Det blei bestemt å prøve ei ordning der Torghatten Nord stilte med vektarar på éin avgang frå Sandvikvåg, som blei reservert for supporterar. Bussane med supporterar blei samla opp til denne avgangen. Dei første bussane som kom til Sandvikvåg vart haldne tilbake slik at alle kunne reise saman med avgangen kl. 23.10. Tiltaket vart vurdert som naudsynt av tryggingsomsyn.
Målet med tiltaket var å sikre tryggleiken for alle om bord. For å gi andre reisande høve til å planleggje reisa si, send ferjeoperatøren ut eit varsel dagen før. Ferjemannskapet informerte òg bilpassasjerar direkte på kaien.
For å lære av hendinga og vurdere korleis liknande situasjonar bør handterast i framtida, vil Statens vegvesen, saman med ferjeoperatøren, gå gjennom og evaluere hendinga.
Eg må innrømme at det er fristande for ein FFK-supporter å påleggje Vegvesenet og i staden nekte Brannsupporterane tilgang til ferje, men eg stoler på at evaluering er den beste vegen vidare i saka.
Statens vegvesen opplyser vidare om at dei ikkje er kjende med at tilsvarande vurderingar blei gjort for sambandet Mortavika–Arsvågen etter lokaloppgjeret mellom Haugesund og Viking i Haugesund 11. mai.