Jenny Klinge (Sp): Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?
Begrunnelse
Eg har fått kjennskap til at fleire aktørar gjennom dialog med departementet har fått inntrykk av at Fiskeridirektoratets saksbehandling av erverv av fartøyet Jan Mayen ikkje ville bli sluttbehandla før departementet sjølv hadde vurdert om transaksjonen mellom Aker Biomarine og AIP er i tråd med deltakarlova. Trass i dette viser bilete frå verftet i Tersan slik eg har fått opplyst at skipet er teke på land av Aker Qrill og delt på midten. Eg kan ikkje finne eit formelt vedtak frå Fiskeridirektoratet som skulle rettferdiggjera ein slik operasjon.
Dersom det mot formodning er gjeve eit slikt ervervsløyve i strid med signal frå departementet, framstår det som om det oppstår eit monopol i krillfisket i praksis. Det er i tillegg ein risiko for at desse ressursane de facto blir kontrollert at eit selskap som ikkje er eigd i Norge, noko som er stikk i strid med intensjonen i deltakarlova. Eg ønskjer derfor at statsråden avklarer både kva som er faktum i saka og korleis den vidare saksbehandlinga vil vera.