Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2310 (2024-2025)
Innlevert: 25.05.2025
Sendt: 26.05.2025
Besvart: 03.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Korleis vil statsråden sikre at prosessar hos Statens vegvesen og andre statlege instansar og aktørar ikkje bidreg til å forsinke prosjektet rv. 22 Ny Glommakryssing, som er eit av dei aller høgast prioriterte prosjekta frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet i Nasjonal Transportplan 2025 - 2036?

Begrunnelse

Ny Glommakryssing har vore jobba med over lang tid, det var eit av dei høgast prioriterte prosjekta i Nasjonal Transportplan 2025 -2036 som Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjeringa la fram i fjor vår og det står også høgt på prioriteringslista som Statens vegvesen offentleggjorde for nokre dagar sidan.

I Statens vegvesen si pressemelding i samband med deira framlegg av rekkefølgen av prosjekta i deira portefølje, heiter det m.a. at «Modenhet er viktig for rangeringen. Det vil si at alle planprosesser og prosedyrer for kvalitetssikring er gjennomført. Vegvesenet prioriterer prosjekter der vi er sikre på at vi har funnet de beste økonomiske og tekniske løsninger.»

I utgangspunktet var reguleringsplanen frå Statens vegvesen klar til å sendast til Lillestrøm kommune før sommeren, men kan no verte utsett i tid. Ein av sakene som gjer at framdrifta i prosjektet nok ein gong kan verte påverka, mellom anna omtalt i Romerikes blad 8. april i år, er Akershus fylkeskommune sitt avslag på Statens vegvesen sin søknad om dispensasjon frå Lov om kulturminner for bygging av brutårna på den nye Glommakryssingen, som no ligg til handsaming hos Riksantikvaren. Eit anna spørsmål som har vore omtalt i lokalmedia den seinare tid, mellom anna gjennom ein artikkel i Indre Akershus blad 21. april i år, er materialbruk og farge på den nye brua.

Det er avgjerande at gjenståande spørsmål i planprosessen vert avklart raskt, slik at prosjektet ikkje risikerer å bli skuva ut i tid nok ein gong.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Meld. St. 14 (2023-2024) Nasjonal transportplan 2025-2036 ligg prosjektet inne i planporteføljen. I Prop. 1 S (2024-2025) har regjeringa gitt føringar for den vidare oppfølginga av planporteføljen etter Stortinget si handsaming av NTP, jf. Innst. 439 S (2023-2024). Ny Glommakryssing er gitt særskilt prioritet. Det er ein føresetnad at dei høgast prioriterte prosjekta er tilstrekkeleg avklarte (modne) til at dei kan vurderast konkret i arbeidet med dei årlege budsjetta.

Statens vegvesen jobbar med å ferdigstille forslag til reguleringsplan for rv. 22 Ny Glommakryssing. Arbeidet er i tråd med vedteken korridor frå kommunedelplanen 2020. Statens vegvesen har opplyst om at det er behov for eit mellombels anleggsområde i det freda området til Fetsund Lenser for å byggje eit brutårn på vestsida av Glomma. Selve brutårnet vil bli ein permanent konstruksjon. Statens vegvesen har derfor søkt om dispensasjon frå kulturminnelova § 15 og § 19 for å få løyve til dette. Statens vegvesen har sendt dispensasjonssøknad til Akershus fylkeskommune. Fylkeskommunen har handsama saka og avslått søknaden. Saka er sendt saka vidare til Riksantikvaren som no har saka til handsaming. Eg er gjort kjend med at Riksantikvaren saman med Statens vegvesen, Akershus fylkeskommune og stiftelsen for Fetsund Lenser har gjennomført synfaring i mai. Vidare prosess og framdrift avheng av svaret frå Riksantikvaren.

Statens vegvesen har forslått ei skråstagbru som tek omsyn til Fetsund Lenser ved at det blir eit ope elveløp utan fundament i elva. Statens vegvesen har hatt ein omfattande prosess før valet av brutype, og den foreslåtte brua har vore diskutert både med Akershus fylkeskommune og Riksantikvaren. Statens vegvesen har opplyst at den foreslått brutypen vil ha to brutårn som står på fjell, og at dette vil sikre ei god fundamentering. Brua byggjer på kjende tekniske løysingar slik at risiko når det gjeld byggjetid og økonomi er redusert. Hovudmaterialet i brua er betong, og fargen er dermed grå.