Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2427 (2024-2025)
Innlevert: 05.06.2025
Sendt: 05.06.2025
Besvart: 12.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva for avtalar har Statens vegvesen om kjøp av kommunikasjonstenester for 2025, kor stor er samla verdi av desse avtalane, korleis har dette utvikla seg over dei seinare år, og meiner statsråden at Statens vegvesen sin kjøp av konsulenttenester på dette området er i tråd med fellesføringane om å redusere konsultenbruken?

Begrunnelse

I følge ein artikkel i Kampanje 13. februar d.å. signerte Statens Vegvesen ein ny rammeavtale med eit mediebyrå, der den anslåtte verdien på avtalen auka frå 80 til 120 millioner kroner.
25. mars d.å. vart det kunngjort på Doffin konkurranse om "Rammeavtale for kjøp av reklame-/ og mediebyråtjenester for kortsiktige kampanjer, sesongaktiviteter og mediekjøp m.m." til ein verdi av 16 mill. kroner frå Statens vegvesen. I skildringa heiter det mellom anna at: "Statens vegvesen ønsker samarbeidspartner(e) med fagekspertise på konsept- og kampanjeplanlegging, mediekjøp, innholdsproduksjon og arbeidsgiverprofilering. Hensikten er at Statens vegvesen skal fremstå som en profesjonell og attraktiv aktør med tydelig profil i alle relevante kanaler."
I fellesføringane til offentlege verksemder har det heilt sidan 2022 lege ei føring om å redusere konsulentbruken. I tildelingsbrevet til Statens vegvesen for 2025 heiter det m.a. at:
"Redusere konsulentbruken
Det er et mål at staten samlet sett skal redusere konsulentbruken ved å utvikle egen kompetanse. Statens vegvesen skal arbeide for å redusere konsulentbruken på områder der det ligger til rette for å benytte interne ressurser og kompetanse. Utover informasjons- og holdningskampanjer skal tjenester fra kommunikasjonsbransjen som hovedregel ikke benyttes. Statens vegvesen skal i årsrapporten for 2025 rapportere om konsulentbruken og oppfølgingen av fellesføringen, herunder om totalbeløp for kjøp av konsulenttjenester, hvilke tiltak som er iverksatt og konkrete resultater. Dersom det er fagområder og/eller kompetanseområder i virksomheten der konsulenter benyttes i særlig grad, skal bakgrunnen for dette omtales nærmere. Etaten skal som en del av rapporteringen også gi en overordnet omtale av eventuelle kjøp av
konsulenttjenester fra kommunikasjonsbransjen (alle typer kommunikasjonstjenester) i 2025 og opplyse om totalbeløp for kjøp av slike tjenester.
Dersom utgifter til kjøp av konsulenttjenester er vesentlige, bør virksomheten i note til årsregnskapet spesifisere dette nærmere. Dersom virksomheten har større kjøp av konsulenttjenester fra andre statlige leverandører, bør dette fremgå særskilt. "

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har under denne regjeringen redusert bruken av konsulenttenester betrakteleg. Rekneskapen for 2024 viser at Statens Vegvesen har redusert konsulentutgiftene med 666 mill. kr eller 23 pst. samanlikna med 2022. I Direktoratet for forvaltning og økonomistyring sitt notat 2024:1 Statlige virksomheters bruk av konsulenter i 2023 går det fram at Statens vegvesen er blant dei statlege verksemdene med størst reduksjon i kjøp av konsulenttenester.

I tilfelle der det ikkje er kostnadseffektivt at Statens vegvesen sjølv har faste tilsette, kjøper Statens vegvesen ekstern hjelp. Behovet for ekstern hjelp varierer avhengig av kva aktivitetar og prosjekt Statens vegvesen har som treng kommunikasjonsbistand. Statens vegvesen har hatt ekstern kommunikasjonsbistand fordelt på fleire avtalar, som samla er fakturerte med 2,7 mill. kr pr juni 2025. Bistand til haldningsarbeid innanfor trafikktryggleik inngår ikkje i dette beløpet.

I grunngivinga viser representanten til to spesifikke avtalar: Den eine avtalen inngjekk Statens vegvesen i juni 2023 med eit kommunikasjonsbyrå for bistand til blant anna følgande tiltak:

• Det vart i 2023 utvikla ein haldningskampanje retta mot trafikantar for å motverke trakassering av mannskap på ferjene langs riks- og fylkesvegnettet. Dette angår helsa, miljøet og tryggleiken til mannskapa om bord.
• Stenginga av Ring 1 i Oslo (2023/2024) kravde massiv informasjon om tidspunkt for stenging, konsekvensar av stenginga og endring av åtferdsmønsteret til trafikantar for Oslo og omland frå bil til kollektivtransport.
• Statens vegvesen må rekruttere ny kompetanse innanfor data, IT og teknologi. Formålet er å effektivisere, bruke teknologi på nye måtar og tilby nye digitale tenester som gjer det enklare for befolkninga. Det er stor konkurranse i arbeidsmarknaden om denne kompetansen.
• Kommunikasjonen til forvaltninga med innbyggjarar og næringsliv skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester (jf. Digitaliseringsrundskrivet). Statens vegvesen må bruke digital produksjon som ein del av kommunikasjonen for å nå ut til målgruppene sine. Dette inkluderer teknisk tenestekjøp, som lyd, lys, strøyming og teknisk produksjon.

Nemnde avtale går ut i juni og blir ikkje fornya. Det er lyst ut eit nytt anbod som skal dekkje om lag dei same behova. Den kunngjorde ramma på 16 millionar er eit maksimalbeløp og skal dekkje bistand inntil fire år.

Rammeavtalen for mediebyrået som Gjelsvik visar til, der den anslåtte verdien aukar frå 80 millionar til 120 millionar kroner, omfattar dei langsiktige nasjonale trafikktryggleikskampanjane til Statens vegvesen. Disse er eit strategisk viktig verkemiddel i arbeidet for auka trafikktryggleik.

Eg meiner Statens vegvesen har arbeidd godt med å følge opp fellesføringane representanten viser til.