Hege Bae Nyholt (R): Meiner statsråden at dette vedtaket frå Utdanningsetaten i Oslo sikrar retten til vidaregående opplæring etter opplæringslovens § 11-6, eller kan dette vedtaket føre til ei avgrensing av retten i praksis, og er det i tråd med lova at leiinga i etaten instruerer dei sakkunnige?
Begrunnelse
I den nye opplæringslova er det gitt ein utvida rett til fullføring av vidaregående skole for alle elevar. Den nye retten gjeld ut året dei fyller 24 år. Tidligare hadde elevar med rett til individuelt tilrettelagt opplæring, rett til inntil fem år med vidaregående opplæring. Denne retten er ikkje vidareført, men rettane til desse elevane er klarlagt i ein eigen rettleiar frå Udir
Rettleiaren frå Udir om fullføringsretten for elevar med individuelt tilrettelagd opplæring seier at retten ikkje er avgrensa til 3 år og at “de har rett til å fullføre sluttkompetansen ut ifra målene i sin IOP, uavhengig av hvor lang tid de trenger på dette”. Det er også ei presisering av at måla i IOP-ane til elevane ikke representerer ei avgrensing av retten til vidare opplæring.
Utdanningsetaten i Oslo si toppleiargruppe har nyleg gjort eit vedtak, jf. Arkivsak-dok 24/21629-7, som verkar å vera i strid med gjeldande regelverk.
I vedtaket står det:
“I vurdering av hva som er realistiske opplæringsmål vil PPT som hovedregel ta utgangspunkt i at det skal være realistisk å nå disse innen en 3-års periode/innen en 4-års periode for lærekandidater.”
Fleire foreldre og lærarar har sagt at dei oppfattar at toppleiargruppa med dette vedtaket instruerer dei sakkunnige i PPT til å avgrense opplæringstilbodet til elevar som treng individuelt tilrettelagt opplæring i stort omfang.
Raudt er samd med dei som er bekymra, og reagerer også på at etatsleiinga gjev føringar på korleis dei sakkunnige skal gjere sine vurderingar.