Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2515 (2024-2025)
Innlevert: 13.06.2025
Sendt: 16.06.2025
Besvart: 24.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Meiner regjeringa at Bergen bør få behalde sine 9 etablerte regnbogeovergangsfelt?

Begrunnelse

Bergen fekk 9 regnbogeovergangsfelt i 2023, og no skal desse vedlikehaldast.
Bergensavisen har vore i kontakt med Statens vegvesen, som seier at dette er ulovleg, i ei sak publisert 13. juni 2025.
Frå juni 2024 blei skiltforskrifta endra til: "Vegoppmerking skal anlegges på ensfarget dekke", etter ei høyring der det vart peika på at regnbogeovergangsfelta i Bergen kanskje var i strid med den dåverande skiltforskrifta.
Overgangsfelta vart måla, eller "anlagt" om du vil, før endringa av forskrifta. Spørsmålet blir om regjeringa meiner denne typen oppmerking er ulovleg, og om forbodet i tilfelle har tilbakeverkande kraft.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg er einig i at det er viktig å markere mangfald, inkludering og solidaritet med dei skeive. Vi må samstundes unngå at markeringane i seg sjølv utilsikta bidrar til auka utryggleik og risiko. Mangefarga oppmerking av gangfelt kan gi utryggleik både for bilistar, gåande og syklande om dette faktisk er eit gangfelt, og slik skape farlege situasjonar og ulykker og ikkje minst gi uavklarte juridiske ansvarsforhold ved uhell/ulykker.
Offentlege trafikkskilt og vegoppmerking skal regulere trafikken av omsyn til trafikktryggleik, framkomme og miljø, og kvart enkelt skilt, signal og oppmerking er særleg utforma for å fylle berre denne funksjonen. Vegoppmerking må derfor praktiserast einsarta og konsekvent i heile landet. Dette gjeld all skilting og vegoppmerking, og er kanskje særleg viktig ved gang-feltoppmerking som pålegg plikter og gir rettar utan at det er supplerande skilting, og som alle trafikantar i alle aldrar skal forhalda seg til.
Regnbogefarga merking av gangfelt er difor ikkje i tråd med reglane i skiltforskrifta. Dette blei gjort tydeleg etter ei forskriftsendring i juli 2024, men merkinga var etter departementets syn heller ikkje tillate tidlegare, jf. også mitt svar 7. februar 2024 på spørsmål nr. 1089 frå representanten Grunde Almeland. Dette gjeld uavhengig av om vegdekket var einsfarga eller fargelagt frå før.
Det er likevel mogeleg å ha regnbogefarga merking i vegen, så lenge det ikkje kjem i konflikt med trafikal oppmerking eller skilting. Det finst gode døme på regnbogefarga merking i vegen utanom gangfelta, til dømes i Oslo. Dersom Bergen kommune framleis ønsker regnbogefarge på gatene i Bergen, vil eg oppmode dei til å gå i dialog med Statens vegvesen for å finne eigna stader kor dette kan gjerast, til dømes på liknande vis som det er gjort i Oslo.