Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2531 (2024-2025)
Innlevert: 15.06.2025
Sendt: 16.06.2025
Besvart: 23.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kva vil samferdsleministeren gjere for å sikre at Statens Vegvesen brukar skjønn for å løyse trafikale utfordringar, når både areal og topografi tilseier at ein får klart betre samla løysingar for samfunnet ved å gje aksept for minnelege løysingar, og kommunen også ønskjer det?

Begrunnelse

På Lund i Stad kommune ønskjer selskapet Nordfjord Vegservice å ta i bruk eit næringsareal ved Riksveg 15. Geografien langs Nordfjorden tilseier at det ofte kan vere krevjande å finne passande næringsareal som ikkje kjem i konflikt med andre statlege mål og krav for arealbruk. I dette tilfelle har selskapet lukkast å finne areal som ligg høveleg til og har lite andre arealkonfliktar. Kommunen har gjeve tilslutnad til plasseringa, men statens vegvesen har motsegn mot planen på grunn av avkøyringsløysing mot RV 15. SSV har oppretthalde denne motsegna etter mekling med kommunen. Den konkrete saka skal avgjerast av KDD, difor er spørsmålet til Samferdsleministeren av generell karakter.

Landskapet langs fjordane våre er ofte kjenneteikna av kort avstand mellom fjellet og fjorden, og på denne stripa skal det meste av infrastruktur leggjast. Det gjer at dei statlege vegane både fungerer som gjennomgåande vegar og i stor grad lokalvegar. Ein har ikkje på lik linje med andre stader i landet høve til å ha fleire vegar paralellt og det kan tale for å tillate nokre fleire avkøyrsler på riksvegane enn det ein gjer der ein har meir areal å bruke.

Saka på Lund er ei av fleire saker det Statens Vegvesen ser ut til å legge seg på ein meir rigid praksis for å godta avkøyrsler, enn det som vert oppfatta som fornuftig med tanke på å finne samla gode løysingar for transport og arealbruk.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Plassering, bruk og utforming av avkøyrsler til riksveg vert regulert gjennom veglova, forskrift om behandling av avkøyringssaker for riksveg og Statens vegvesen sine retningslinjer og normalar som set krav til sikt, avstand mellom avkøyrsler og krav til utforminga til avkøyrselen. Etter veglova § 40 er utgangspunktet at avkøyrsler skal bli fastlagt i plan etter plan- og bygningslova.

Behovet for avkøyrsler til offentleg veg har samanheng med arealbruken langs vegen. Ved behandling av avkøyrselsaker skal målet vere å sikra eit tilkomstmønster til vegen som kan aksepterast ut frå omsynet til vegen og ferdsla på denne. Samtidig skal ein ikkje berre vurdera sjølve avkøyrselen, men avkøyrselen sett opp mot andre avkøyrsler, og den aktiviteten som auka utbygging på strekninga kan medføra.

Moglegheitene til å nekte å byggje ny eller stengje eksisterande avkøyringar er vid, føresett at trafikktryggleikssituasjonen tilseier det. Avkøyringar skal bli vurdert i kvart enkelt tilfelle. Avgjersler skal skje etter ei heilskapsvurdering der vegstrekning og område bli sett i samanheng.

Dersom eit avkøyrselløyve ikkje vil kome i strid med omsyn som gjeld vegen og ferdsla, og da særleg trafikktryggleik og vegen sin transportfunksjon, skal løyve bli gitt. Løyve til avkøyrsle kan ikkje bli nekta på anna grunnlag enn det som har å gjere med desse omsyna. Dei same omsyna vil også vera sentrale ved Statens vegvesen sine vurderingar og uttale om avkøyrsler i planar etter plan- og bygningslova.

Der det ut frå omsynet til vegen og ferdsla er uakseptabelt å gi løyve til avkøyrsle, skal ein avslå søknader. Mellom desse ja- og nei-tilfelle som markerer ytterpunkta på vurderingsskalaen, ligg sakene der utfallet vil vere avhengig av ei vurdering der omsynet til vegen og ferdsla blir vega opp mot det som talar for å kome søknaden i møte.

Ved vurdering av avkøyrselsaker skal det bli lagt stor vekt på trafikktryggleiken og transportfunksjonen til vegen. Det betyr at sikt, kurvatur, fartsgrense og trafikkmengd på vegen vere med i vurderingane som blir gjort i kvar enkelt avkøyrselsak. Dersom avkøyrselen til dømes ikkje har god nok sikt, eller ligg på ei strekning som har høg trafikkmengd og som blir nytta til forbikøyring, vil ikkje søknaden kunne bli innfridd av omsyn til trafikktryggleiken.

Andre viktige omsyn kan vere vegen sin transportfunksjon og vedlikehald av vegen. Både av omsyn til trafikktryggleiken og den transportfunksjonen vegen skal ha, er det på riksveg lagt til grunn føresetningar om at vegen skal vere avkøyrselfri, eller ha eit avgrensa tal avkøyrsler. Ein skal leggje desse føresetnadane til grunn ved saksbehandling. Normalt vil ei ny avkøyring isolert sett ikkje gi nokon særleg reduksjon i trafikkstandarden på ein veg. Dersom aktiviteten langs vegen likevel har vorte så stor at ein eller to nye avkøyringar i tillegg av tryggleikmessige grunnar vil gi behov for lågare fartsgrense, vil dette i seg sjølv innebera ein reduksjon av trafikkstandard.
Framkome blir vekta strengare på riksveg enn på fylkesvegar med meir lokalvegtrafikk. I utkantstrøk og grisgrendte område kan ein leggje vekt på at det er lokaliseringsønsket som er grunnlag for søknaden, dersom det er i samsvar med eit utbyggingsmønster som er lagt til grunn i arealdelen i kommuneplanen. Men òg i grisgrendte område er det viktige gjennomfartsvegar som tilseier eit restriktivt utgangspunkt for vurdering av avkøyrslesaker.

Det er summen av alle dei lokale forhalda på staden og vegstrekninga i heilskap som avgjer om ein kan gi løyve til avkøyrselen eller ikkje. Om utfallet av behandlinga blir at ein avkøyrslesøknad ikkje kan bli godkjend i den forma den ligg føre, skal alternative løysingar bli vurdert. Vurdering av alternative løysingar, mellom anna alternativ plassering og/eller utforming av tilkomst/ avkøyrsle, vil også kunne vere ein naturlig del av ei plansak etter plan- og bygningslova.