Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2609 (2024-2025)
Innlevert: 20.06.2025
Sendt: 23.06.2025
Besvart: 30.06.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Viser til statsrådens tidlegare svar på spørsmål eg leverte 28/2 og 26/5 i år om krillfiske i Antarktis. Statsråden opplyste først i sitt svar til meg 4/6 at Fiskeridirektoratet så tidleg som 28/2 hadde gjeve ervervsløyve. Eg har no vorte kjent med at Fiskeridirektoratet i eit førebels svar den 20/1 opplyste at søknaden om ervervsløyve var sett på vent på grunn av ei avgjerd i NFD.
Kva var årsaka til at søknaden først vart sett på vent og deretter at Fiskeridirektoratet vel fem veker seinare kunne godkjenne den?

Begrunnelse

Statsråden har i fleire månader vist til at spørsmålet kring løyve til krillfiske i Antarktis og forholdet til deltakarlova er noko departementet ser nøye på og tek på alvor. No har det kome fram at NFD i januar ba Fiskeridirektoratet sette saka på vent, men at direktoratet så seint i februar likevel kunne gi ervervsløyve til Aker. Det framstår såleis som om det har vore gjort ei politisk vurdering allereie i januar og februar som statsråden ikkje har opplyst Stortinget om trass i gjentekne spørsmål om saka både frå meg og andre. Slik eg ser det, er dette ervervsløyvet i strid med intensjonen i nettopp deltakarlova og eg meiner NFD burde gripe inn. No viser det seg at NFD brukte politisk handlingsrom allereie i vinter gjennom beskjeden dei gav til Fiskeridirektoratet om å avvente svaret til søkar. Det er viktig å få vita om det enno er eit politisk handlingsrom og i så fall også politisk vilje til å omgjera avgjerda.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Departementet har på grunn av saka om eigarendringar i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS hatt behov for å bli halde orientert av Fiskeridirektoratet om enkelte andre søknadsprosessar knytta til krill, og å stanse saksbehandlinga i Fiskeridirektoratet midlertidig. Når det gjeld behandlinga av søknaden om løyve til spesifisert nybygg, så orienterte Fiskeridirektoratet departementet om mottaket av søknaden. Saka vart deretter stansa midlertidig, men departementet fann ikkje grunn til å ha innvendingar mot at direktoratet behandla søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte.
Når det gjelder eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjente 3. juli i fjor, så har departementet som kjent i etterkant beslutta å sjå nærmare på saka, og vi arbeider framleis med dette. Sidan dette er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje kommentere innhaldet i saka no.