Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2670 (2024-2025)
Innlevert: 27.06.2025
Sendt: 27.06.2025
Besvart: 03.07.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva har regjeringa gjort for å støtta opp om nye bilaterale og multilaterale kjernefysiske nedrustingsavtalar, og kva rolle ser regjeringa for seg at Noreg kan ha i eit slikt arbeid framover?

Begrunnelse

Stortinget debatterte nyleg representantforslag om å slutta seg til FNs atomvåpenforbod og om å setja fredsarbeid i sentrum for norsk utanrikspolitikk. I desse debattane vart det sagt at Noreg er ein seriøs og konstruktiv aktør i spørsmål som gjeld kjernefysisk nedrusting. Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om Noregs rolle i fredsarbeid for å underbyggja dette. I meldinga står det at dette arbeidet inkluderer eit breitt sett med tiltak, mellom anna “...styrking av multilaterale forpliktingar med mål om mellom anna nedrusting og ikkje-spreiing av atomvåpen.” (Meld. St. 30 (2025-2025), s. 8)
Dei siste åra har den globale tryggleikssituasjonen forverra seg. Dei siste møta i ikkje-spreiingsavtalen (NPT) har ikkje klart å oppnå semje. Russland har trekt tilbake si ratifisering av prøvestansavtalen (CTBT), og Trump trekte USA ut av fleire viktige avtalar som skulle avgrensa spreiinga av atomvåpen, som til dømes INF-avtalen og Iran-avtalen.
Atomvåpenmaktene USA og Russland har per i dag éin gjeldande nedrustingsavtale: New START. Denne avtalen vart framforhandla av president Obama og president Putin i 2018 og går ut i februar 2026, noko som er under eit halvt år til. Verken noverande president Trump eller Putin har gjeve nokon indikasjonar på at ei ny avtale er under arbeid.
Når New START-avtalen går ut, vil det ikkje finnast nokon bilaterale avtalar mellom verdas største atomvåpenstatar. Fleire ekspertar er uroa for at dette kan markera starten på eit nytt våpenkappløp, som òg kan inkludera fleire land, som til dømes Kina. Ekspertane åtvarar om at eit multipolart opprustingskappløp vil vera ustabilt og kan auka risikoen atomvåpen utgjer.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Noreg sitt mål er ei verd fri for kjernevåpen. Regjeringa legg stor vekt på å støtte opp om og styrkje internasjonale avtalar om kjernefysisk nedrusting, ikkje-spreiing og rustingskontroll. All bruk av kjernevåpen vil kunne få katastrofale globale konsekvensar – for menneske, miljø og natur.
Ikkje-spreiingsavtalen (NPT) er bærebjelken i det globale regimet for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. I 55 år har avtalen hindra spreiing av kjernevåpen og vore sentral i arbeidet for nedrusting. Det er avgjerande for både Noreg si og verdas tryggleik at det internasjonale samfunnet vernar om NPT, og at statspartane etterlever forpliktingane sine. Å hegne om NPT har vore – og er – eit hovudmål for denne regjeringa.
Dagens spente tryggingspolitiske situasjon gjer dette arbeidet endå viktigare. Verda står på terskelen til eit nytt rustingskappløp. Spreiingspresset aukar. I Kina skjer det ei rask og skjult opprusting av det kjernefysiske arsenalet. Talet på stridshovud aukar betydeleg. Russland har i si brutale angrepskrig mot Ukraina opent truga med bruk av kjernevåpen, trekt tilbake ratifikasjonen av Prøvestansavtalen og sidan februar 2023 suspendert deltakinga i New START – den siste bilaterale rustingskontrollavtalen med USA. Avtalen går formelt ut neste år. Arbeidet med risikoreduksjon, som er ei av regjeringa sine strategiske prioriteringar innan kjernefysisk nedrusting, har fått ei ny og skjerpa tyding i dette landskapet.
Noreg har tydeleg uttrykt ei forventing om at Russland gjenopptar etterlevinga av den rettsleg bindande New START-avtalen. Vi tek jamleg til orde for at USA og Russland startar forhandlingar om ei etterfølgjaravtale som kan sikre gjensidige avgrensingar på strategiske kjernevåpen, og oppmodar Kina til å slutte seg til dialogen. Samstundes må vi erkjenne at det er krevjande tider: Spenningsnivået er høgt, dialogen svekt, tilliten tynnsliten. Russland nyttar kjernefysisk risiko som politisk pressmiddel, rustar opp, og utgjer ein veksande tryggleikstrussel mot allierte land. Den alvorlege situasjonen i Europa understrekar behovet for at NATO held ved lag evna til truverdig kjernefysisk avskrekking. Det er viktig å understreke at NATOs kjernevåpenpolitikk, som Noreg er tilslutta , ikkje står i motsetnad til ein tydeleg politisk visjon om, eller hindrar ein aktiv verksemd for, ei kjernevåpenfri verd.
Rustingskontroll og nedrusting krev politisk vilje hjå dei som skal avstå frå våpen. Det er langsiktig arbeid. I denne samanhengen har Noreg i ei årrekkje løfta det humanitære perspektivet på kjernefysisk nedrusting. Sidan Oslo-konferansen i 2013 har dette perspektivet fått stadig større plass på den internasjonale agendaen. I 2024 stod Noreg – som einaste NATO-land – som medforslagsstillar til resolusjonen i FNs generalforsamling som oppretta eit vitskapleg panel for å greie ut konsekvensane av kjernefysisk krig. Regjeringa tek sikte på å inngå ein avtale med FN om finansiell støtte til panelet i løpet av dei komande månadene.
Den politiske viljen til ny framgang i nedrusting er ikkje til stades i dag. Dei aukande globale spenningane har sett eksisterande regime under stort press. Det finst lite handlingsrom for nye avtalar. Samstundes minner historia oss om at fleire av dei viktigaste nedrustingsinstrumenta blei til nettopp under periodar med høg spenning i den kalde krigen. Auka risiko kan også skape insentiv for å finne løysingar.
Nye «moglegheitsvindauge» vil opne seg, og når dei gjer det, må vi vere førebudde på å utnytte dei best mogleg. Difor er arbeidet Noreg leier med verifikasjon av kjernefysisk nedrusting heilt sentralt. Det handlar om å byggje ein best mogleg verktøykasse for det internasjonale samfunnet, slik at framtidige avtalar kan gjennomførast effektivt. Det grunnlagsarbeidet vi gjer i dag, vil vere viktige bidrag når slike avtalar kjem på plass.
Regjeringa har vidareført og styrkt Noreg sitt langvarige arbeid med verifikasjon. Noreg deltek aktivt i fleire internasjonale verifikasjonsprosessar, og var så seint som i juni i år vertskap for det årlege møtet i det fleirnasjonale Internasjonale partnarskapet for kjernefysisk nedrustingsverifikasjon (IPNDV). I tillegg leier Noreg, saman med Brasil, ein prosess i FN med mål om å etablere ein teknisk-vitskapleg institusjon innan FN-systemet for verifikasjon av kjernefysisk nedrusting.
Dette er eitt av få område innan kjernefysisk nedrusting der det har vore reell framgang, og der kjernevåpenstatane framleis kan møtast for å finne felles grunnlag. Slike tillitsskapande prosessar er spesielt viktige i ei tid der Kina og Russland har avvist dialog og samarbeid med USA om strategisk stabilitet og rustingskontroll.
Saman med Storbritannia har Noreg sidan 2022 vore initiativtakar og pådrivar for internasjonalt arbeid med prinsippet om irreversibilitet i kjernefysisk nedrusting. Statspartane til NPT har anerkjent irreversibilitet som eitt av tre grunnleggjande prinsipp for nedrusting. Samstundes er dette prinsippet langt mindre utvikla enn prinsippa om openheit og verifikasjon. På liknande måte som arbeidet vårt med verifikasjon, er satsinga på irreversibilitet eit bidrag til å leggje grunnlaget for framtidige avtalar, slik at det internasjonale samfunnet står best mogleg rusta når eit nytt moglegheitsvindauge opnar seg.
I åra framover skal Noreg halde fram som aktiv og truverdig pådrivar for kjernefysisk nedrusting, ikkje-spreiing og rustingskontroll. Vi skal vere ein brobyggjar og ein tilretteleggjar for dialog – mellom allierte, mellom kjernevåpenstatar og ikkje-kjernevåpenstatar, mellom teknisk ekspertise og politisk leiarskap. Med våre lange tradisjonar for freds- og tryggingspolitisk engasjement, vårt breie samarbeid med både NATO-partnarar og det globale sør, har Noreg ei konstruktiv rolle å spille. I møte med aukande spenning og fragmentering vil Noreg halde fram med å fremje løysingar som tener global tryggleik og byggjer opp under folkeretten, eksisterande avtaler og den sterke normen mot bruk av kjernevåpen. Gjennom vidare arbeid med risikoreduksjon, verifikasjon og irreversibilitet, byggjer vi tillit og legg til rette for ny framgang når høvet byr seg mot målet om ei verd utan kjernevåpen.