Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2682 (2024-2025)
Innlevert: 29.06.2025
Sendt: 30.06.2025
Besvart: 08.07.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Omlag kor mange tilsette i Innovasjon Norge og øvrige deler av det næringsretta offentlege virkemiddelapparatet (inkl. fylkeskommunar og kommunar) til saman har som hovudoppgåve å hjelpe gründarar med oppstart av bedrift, og kor mange tilsette i det næringsretta offentlege virkemiddelapparatet har som hovudoppgåve å hjelpe allereie oppstarta bedrifter med den påfølgande skaleringsfasen?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Det er mange aktørar i det næringsretta offentlege verkemiddelapparatet som jobbar med å hjelpe gründerar i oppstartsfasen og i skaleringsfasen, på ulikt vis. Under mitt ansvars¬område er Innovasjon Noreg og Siva sentale aktørar.

Innovasjon Noreg peikar på at oppstarts- og skaleringsfasane har ulik lengd i ulike næringar, og at kunderådgjevarane i hovudsak jobbar med både oppstart og skalering. Dei kan difor ikkje skilje nøyaktig mellom talet på tilsette som jobbar med høvesvis oppstart og skalering. Totalt anslår Innovasjon Noreg at dei har om lag 32,5 årsverk som jobbar i hovudsak mot selskap i oppstartsfasen, og 23,5 årsverk som jobbar i hovudsak mot selskap i skaleringsfasen. Dette omfattar tilsette ved regionkontor, utekontor, eksportsenteret og Vekst- og gründersenteret. I tillegg er støttefunksjonar innan finansiering, produkt og teknologi viktig for arbeidet mot gründerar.

Siva jobbar i hovudsak indirekte, gjennom andre aktørar. Anslaga frå Siva gjeld følgeleg tilsette som jobbar med dei indirekte verkemidla, og tilsette i strukturen som gjennom tilskudd frå Siva jobbar direkte med verkemidla. I Siva er det om lag 21 årsverk som jobbar med høvesvis Katapultordninga, Inkubasjonsprogrammet, Næringshageprogrammet og eigarskap i innovasjonsselskap. Målgruppene i desse ordningane er mellom anna SMBar, inkludert bedrifter i tidleg fase og utvikling/skalering, oppstart av bedrifter og innovasjon/skalering frå etablerte bedrifter. Gjennom Inkubasjons- og Næringshageprogramma får 71 selskap med om lag 650 tilsette oppdrag om å jobbe med gründerar og skalering. Gjennom Katapultordninga er det om lag 40 tilsette som jobbar med SMBar i ulike fasar av industrialisering (gründerar og skalering).

I tillegg har Forskingsrådet ordningar retta mot kommersialisering av lovande forsknings-resultat, og Patentstyret hjelper til med å ta vare på immaterielle verdiar og rettar. Norske gründerar kan og få støtte gjennom Enova og gjennom ulike ordningar i EU.

Eg har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å spele inn når det gjeld kor mange som jobbar med gründerar i fylkeskommunar og kommunar. Departementet peikar på at næringsutvikling ikkje er ei lovfesta oppgåve, og at kommunar og fylkeskommunar difor ikkje har plikt til å rapportere om kor mange tilsette som jobbar med desse oppgåvene. Det finnast følgeleg ikkje statistikk over kor mange årsverk som jobbar med å hjelpe gründerar i oppstarts- og skaleringsfasen i fylkeskommunar og kommunar.