Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2690 (2024-2025)

Innlevert: 29.06.2025
Sendt: 30.06.2025
Besvart: 04.07.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kjenner samferdselsministeren til at Statens vegvesen har ein strategi for å gje eit desentralisert tilbod som svarer ut behovet på dette området , og kva plikt har Statens Vegvesen til å gje eit tilbod som tek hand om dette behovet - evt. kva vil ministeren konkret gjera for å imøtekomma behovet til ungdommane?

Begrunnelse

Kvam ungdomsråd og Tuft transportskule har engasjert seg i utfordringa for ungdomar i Kvam, nemlig å få til eit lokalt tilbod om å ta traktorsertifikat. Skal ein få dette på plass, er tilbod om lokal oppkøyring ein forutsetning.
Statens vegvesen i Bergen og på Voss har vore kontakta for å få etablert lokal oppkøyring. Dette er dei diverre avvisande til. Utfordringa med å nytta tilbod på Voss er at dette er svært avgrensa, fører til reisetid på minimum 3 timer, og at ein då i praksis må nytta ein heil dag for lærekøyringstimer og det samme for oppkøyring. For Bergen sin del er tilbodet ved Stend jordbruksskule når det gjeld oppkøyring, køyretimer må ein ta ved trafikkskule i Knarvik i Alver kommune. Reisetid for dette tilbodet er og 3 timer og i praksis ein heil dag for læretimer og det samme for oppkøyring. Dette gjer stort fråvær for ungdomane som kjem i konflikt med fråværsgrense.
Det har og vore stilt spørsmål til Statens Vegvesen sentralt der dei er utfordra på om det er nokon overordna strategi for å gje eit desentralisert tilbod på dette området. I skrivande stund er det trass purring, ikkje komme svar på denne henvendelsen. Kvam har oppkøyring på personbil som eit desentralisert tilbod dreve av Statens Vegvesen på Voss. Dette fungerer svært bra.
Kvam er ein stor landbrukskommune med eit bredt spekter av små og store garer. Utfordringane med at ungdomane ikkje får teke sertifikat på traktor er uheldig for næringa og ungdomane. Det er og uheldig for å skapa rekrutering og engasjement rundt næringa, noko som er viktig for å oppretthalde matproduksjon i dagens urolige verden.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Tenestene til Statens vegvesen er viktige for mange ulike brukarar – frå privatpersonar, næringsverksemder og lokalsamfunn. Målet til Statens vegvesen er å tilby tenester av høg kvalitet som er tilgjengelege og tilpassa behova i alle delar av landet.
Representanten er sikkert kjend med at Statens vegvesen dei siste åra har gjennomført ei reform for trafikant- og køyretøyområdet. Reforma byggjer på at stadig fleire tenester kan verte tilbydde meir effektivt og med større grad av tilgjengelegheit over digitale plattformer, utan krav til fysisk oppmøte. For å bruke ressursane mest mogleg effektivt, har det vore nødvendig å justere kva tenester som blir tilbydde kvar. Stortinget vart orientert om dette arbeidet i Prop. 1 S (2020-2021) for Samferdselsdepartementet.
Eg forstår at det er viktig for ungdom å kunne ta førarkort utan for lang reiseveg og for mykje fråvær frå skule. Samstundes peikar Statens vegvesen på at gjennomføringa av praktiske førarprøver er ei ressurskrevjande éin-til-éin-teneste. For å effektivisere førarprøver, må talet på prøver vere stort nok til at sensorressursane vert utnytta fullt ut. Stader med få prøver og lange avstandar gjer det utfordrande å levere tenestene slik at dei både dekkjer forventningane til kundane og støttar opp under krav til effektivisering.
Avgjerda om kvar førarprøvestadar skal vere lokaliserte, vert gjort etter faglege vurderingar frå Statens vegvesen. Den geografiske dekninga vert vurdert for å sikre at flest mogleg har tilgang til førarprøvetenester utan urimeleg lang reisetid. Befolkningsgrunnlaget, tilgjengeleg infrastruktur, ressursar og kapasitet, samt trafikktryggleik og eigna vegar og trafikkforhold for førarprøver, er andre avgjerande faktorar i vurderinga som vert gjort.
Føraropplæringa, med tilhøyrande prøve, er eit vesentleg bidrag i nullvisjonsarbeidet. Det vil seie arbeidet for at ingen skal verte drepne eller hardt skadde i vegtrafikken. Førarprøven har ein viktig funksjon i å skilje den som på prøvetidspunktet fyller visse minimumskrav frå den som ikkje gjer det. Den praktiske prøva skal måle om kandidaten har utvikla tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheit til at det er forsvarleg at vedkomande får høve til å fortsette å utvikle sin førarkompetanse på eiga hand etter at prøven er bestått. For at den praktiske prøva skal bidra i nullvisjonsarbeidet, må vegforholda ved prøvestaden vere slik at det let seg gjere å gjennomføre ei førarprøve av god kvalitet, og trafikkforholda må gi grunnlag for å vurdere kandidatens køyrekompetanse i ulike miljø og situasjonar.