Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2757 (2024-2025)
Innlevert: 02.07.2025
Sendt: 01.08.2025
Besvart: 07.08.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren på generelt grunnlag gjerer greie for om Statens vegvesen har kompensasjonsordningar for tapet inntekter for næringsdrivande som blir direkte bereørt negativt med bakgrunn i stengt veg eller vegarbeide, og om det er dømer på at slik kompensasjon er gjeve til næringsdrivande som har sin inntekt frå servicebedrifter for trafikkantane?

Begrunnelse

Det er ved ein del vegarbeidsområder rundt omkring i landet utfordringer for veikroer og næringsdrivende som er relatert til servicebedrifter til trafikkantane, og som er avhengige av åpne vegar for i det heile kunne ha kundar og driftsgrunnlag.
I enkelttilfeller ved langvarig stengt veg eller langvarige vedlikeholdsprosjekter med omkjøring, kan det bli større økonomiske tap for slike veikroer osv. som blir direkte berørt av dette, og som ikkje har muligheita til verken omstille drifta eller andre tiltak for å kunne kompensere bortfall av inntekter.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det følgjer av fast og langvarig praksis at Statens vegvesen ikkje yter kompensasjon for tapt inntekt til næringsdrivande som blir ramma av endra trafikkmønster som følgje av til dømes stengde vegar eller vegarbeid.
Både i Finadommen (Rt. 1982 side 1601) og Hanekleivdommen (Rt. 2010 side 24) legg Høgsterett til grunn at næringsdrivande som har hatt tapt inntekt på grunn av endring i veg- og trafikkmønster, må bere tapet sjølv. I sistnemnde sak var det sett fram eitt krav mot staten om erstatning for inntektstap frå kioskdrivarane på eit rasteplassanlegg ved E18 etter at vegen vart stengd etter raset i Hanekleivtunnelen. Sjølv om kioskdrivarane hadde kontrakt med Staten vegvesen om drift av kioskanlegget vart dei ikkje tilkjend erstatning for det tapet som oppstod i den perioden vegen var stengd.