Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva strakstiltak vil statsråden ta initiativ til i møte med den reduserte kapasiteten i veg- og kollektivsystemet i Oslo-området for å hindre kø og kaos, og når vil det bli iverksett tiltak som kan gi auka togkapasitet i rush, slik Stortinget ba om allereie før jul i fjor?
Begrunnelse
4. august vert Kolbotn stasjon opna for persontrafikk igjen, men kun med enkeltspora drift heilt fram til hausten 2026, ifølge Bane Nor sine nettsider. I denne perioden vert også ekstratoga i rushtida på Østfoldbanen innstilt. Også på ei rekke andre stasjonar og banestrekningar i Osloområdet vil det i kortare eller lengre periodar utover hausten pågå arbeid som medfører innstilte tog og alternativ transport. Togverkstaden på Sundland i Drammen skal byggast ut, noko som kan medføre færre tog og togsett i drift. Dette kjem på toppen av dei generelle utfordringane ein har med innstilte og forseinka tog som følge av ein gamal infrastruktur som treng oppgradering.
I tillegg pågår det mykje arbeid som medfører stengte stasjonar og behov for alternativ transport på t-banen i Oslo og Bærum. Den nye stasjonen og dobbeltsporet i Drammen er forseinka og skal etter planen først kome i drift frå 31. august.
På vegnettet er det også ein rekke pågåande prosjekt, m.a. vedlikehald av vegbruer på E18 og E6, som bilistane i sommar har merka medfører kø og forseinkingar. Ring 1 vil framleis vere stengt for ombygging i lang tid.
Når ferietida no etterkvart er over for dei fleste, aukar talet daglege reisande av m.a. pendlerar, skuleelevar og studentar. Det er fare for at problema for både dei som er avhengig av å bruke vegen, og dei som reiser kollektivt, vil auke vesentleg.
Det er behov for at det vert tatt grep i møte med denne situasjonen, herunder betre koordinering mellom stat og fylke, for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i vegsystemet og kollektivtilbodet til ei kvar tid. Stortinget ba allereie før jul i fjor regjeringa «så snart som mulig iverksette tiltak som kan gi økt togkapasitet i rush, herunder å åpne Flytoget for pendlere og/eller erstatte enkelte Flytog-avganger med forlengelse av eksisterende Vy-avganger.» Dette har enno ikkje skjedd og må følgast opp umiddelbart. I tillegg bør ein også i samarbeid med berørte fylke vurdere andre tiltak i møte med situasjonen, m.a. fleire pendlerparkeringsplassar, fleire ekspressbussavgangar og reduserte prisar og/eller kompensasjon til kollektivreisande som får eit vesentleg forringa tilbod i kortare eller lengre periodar.