Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2828 (2024-2025)
Innlevert: 06.08.2025
Sendt: 07.08.2025
Besvart: 14.08.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gi ei oversikt over forseinkingar, stopp og stengingar av Bergensbanen dei siste 3 månadane, kva informasjon og tiltak som reisande får i desse tilfella, og kan statsråden informere om kva planar som finnast for å sikre beredskap og regularitet på Bergensbanen på kort og lengre sikt og sikre betre informasjon og erstatning til passasjerer, og kan statsråden forstå at folk får " tog- angst" av det som no skjer?

Begrunnelse

Bergensbanen blir omtalt som ei av verdast vakraste togreiser. Men passasjerar opplever stadig fleire stans og stopp, av ulike årsaker. I løpet av sommaren har det vore svært mange tilfelle med stenging eller forseinkingar på Bergensbanen. I følge NRK har det vore fem større hendingar på over ein månad, I slutten av juni kvelva eit tre over linja og stansa all trafikk i fleire timar. 11. juli spora eit godstog av ved Myrdal stasjon, og 12. juli var det straumbrot som også førte til full stans. 1 .august var det straumproblem som stengte Bergensbanen mellom Nesbyen og Fåp. 5. august var det først straumbrot og så brann i overbygg. II tillegg var full stopp også 11. juni, grunna teknisk feil på ei bru. Det er også sikkert fleire hendingar enn dette.
Passasjerer seier dei får lite informasjon, det blir ikkje lagt godt nok til rette for alternativ transport, og det har blant anna vore problem med toalettfasilitetar for dei som må vente. I tillegg er maten som blir tilbydd ved timesvise lange forseinkingar, ikkje noko ein kan vere fornøgd med (barar og vatn). Passasjerar fortel dei må ordne alternativ transport sjølv, dei må sjølv søkje refusjon. Mange blir frustrerte og passasjerar fortel at dei no er "alltid er like spente på om Bergensbanen faktisk går", og opplever "togangst". Dette kan etter mitt syn ikkje fortsetje, og vil føre til at folk endrar reisevanar og vel bort tog som transportveg.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det har vore uvanleg mange problem på Bergensbanen i sommar, noko som har ført til svak punktlegheit. Det er lett å skjønna at dei reisande er frustrerte over dette. Difor har regjeringa satt av meir pengar til drift, vedlikehald og fornying – for å ta betre vare på den infrastrukturen vi har og førebyggja feil som stoppar togtrafikken. Bane NOR, persontogoperatørane og Jernbanedirektoratet har og på oppdrag frå meg etablert eit prosjekt som skal sikre ein meir stabil jernbane. Det er identifisert ei tiltaksliste som på kort og lang sikt skal gi betre stabilitet i togtilbodet, og ei betre kundeoppleving når det oppstår eit driftsavvik. Fleire av tiltaka er allereie i ferd med å bli gjennomførde.
Representanten spør om oversikt over einskildhendingar på Bergensbanen. Tabellen under syner omfang og varigheit for dei ti største infrastrukturfeilane i sommar:
Det har vore fleire ulike grunnar til avvika. Til dømes blir det utført arbeid ved Drammen stasjon slik at fjerntoga mellom Oslo og Bergen har køyrd ein annan trasé mellom Oslo S og Hønefoss som tek lengre tid. Ekstremvarmen i juli månad har dessutan medverka til fleire infrastrukturfeil. Vidare har fleire av infrastrukturfeila vore relaterte til køyreleidninga som gir straum til persontoga. Bane NOR er i gang med å fornya kontaktleidning og bygge autotransformatorsystem på deler av Bergensbanen for å unngå liknande problem i framtida.
Ved større driftsavvik som medfører innstilling av togavgang, plikter Vy å sette opp alternativ transport uavhengig av årsak til driftsavviket. Eit fullt tog på Bergensbanen krev 11 bussar, og på kort varsel er det utfordrande å skaffe nok busskapasitet siden busskapasiteten om sommaren er bunden opp til turistkøyring eller buss for tog på Austlandet. Direktoratet opplysar at Vy difor, ved einskilde avvik, har bede kundane om å finne alternativ transport på eigenhand. Kundane får dekt utgiftene til alternativ transport. Nokre av stasjonane på Bergensbanen har heller ikkje vegforbindelse.
Dersom det oppstår ei forseinking på meir enn 60 minutt for eit fjerntog, har kunden krav på prisavslag i samsvar med transportvilkåra til Vy tog, noko som er i tråd med EU-krava. Ved forseinkingar er det god dialog mellom Bane NOR og Vy tog med mål om at dei reisande skal få best mogleg trafikkinformasjon om bord i tog og på stasjonar.
Samferdselsdepartementet gav 30. juni 2025 Jernbanedirektoratet i oppdrag å vurdere moglegheita for å automatisere utbetaling av refusjon til reisande på jernbanen. Oppdraget er omfattande og krev vurdering av forretningsmessige, avtalerettslege, juridiske og tekniske forhold. Jernbanedirektoratet skal levere si vurdering i mars 2026.