Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2836 (2024-2025) Innlevert: 07.08.2025 Sendt: 07.08.2025 Besvart: 14.08.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Geir Inge Lien (Sp): Kva var billettinntektene på kvart einskilt hurtigbåtsamband i Noreg i 2024 eller ev. i 2023 om tal for 2024 ikkje er tilgjengeleg, og kva av sambanda har færre enn 100 000 passasjerar årleg eller går til øyar og andre veglause samfunn?
Jon-Ivar Nygård: Hurtigbåtar og andre båtsamband er del av kollektivtilbodet som fylkeskommunane har ansvaret for. Staten bidreg til finansieringa av fylkeskommunane sine oppgåver gjennom rammeoverføringar, og legg ikkje bindingar på utforminga av transporttilbodet eller korleis fylkeskommunane syter for at transporttenestane blir utførd. Det er den einskilde fylkeskommune som har oversikt over inntekter, kostnader og passasjertal for dei einskilde sambanda. Det finst difor ikkje eit slikt kunnskapsgrunnlag som etterspurd hos departementet. Ein oversikt over dei fylkeskommunale hurtigbåt- og ferjesambanda og nøkkelinformasjon om desse finst på nettsidane til Kollektivtrafikkforeninga: https://kollektivtrafikk.no/innsikt/markedsoversikt-sjo/