Ingrid Fiskaa (SV): Oljepionerane ventar framleis på kompensasjon for dei helseskadane dei er påført.
Når vil nemnda som skal behandla sakene starta arbeidet, og vil oljepionerane sine organisasjonar og støttespelarar få ta del i utforminga av ordninga?
Begrunnelse
I desember 2024 vedtok Stortinget at oljepionerane skal få ei særskilt kompensasjonsordning, etter ein årelang kamp og to år etter at den regjeringsoppnemnte kommisjonen tilrådde ei slik ordning. I revidert nasjonalbudsjett vart det sett av pengar til å oppretta kompensasjonsordninga, og statsråden har lova at utbetalingane skal kunna skje frå tidleg i 2026.
Før sommaren vart organisasjonane ALF (Arbeidsmiljøskaddes Landsforening), Styrke, SAFE, Lederne og Kreftforeningen lova eit arbeidsmøte for å ta del i utforminga av kompensasjonsordninga. Det er framleis ikkje invitert til eit slikt møte.
Det er stor spenning knytt til korleis ordninga vil bli. Mange oljepionerar har allereie fått godkjent yrkesskade, og bør kunna få ei rask behandling av saka. Etterlatne etter nå avdøde oljepionerar bør også inkluderast. Desse og andre sentrale spørsmål må avklarast raskt slik at også utbetalingane kan skje raskt og stå i stil med dei helseskadane og den uretten som oljepionerane har blitt utsett for.