Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for at dei som framleis ikkje har fått ein avklart busituasjon etter flaumen i Utvik kan få etablere seg på eigedomen, og kva vil ein gjere for å sikre ei meir heilskapeleg oppfølging av slike flaumar i framtida?
Begrunnelse
Sommaren 2017 vart bygda Utvik råka av ekstremnedbør og flaum som gjorde stor skade og råka mange av innbyggarane. I etterkant vart utbetrings- og førebyggingsarbeid utført, men det vart ikkje laga ein sluttrapport som friskmeldte området. No, 8 år etter, ventar framleis ein av familiane på endelege avklaringar kring busituasjonen sin. Fordi nødvendige tiltak også skal finansierast av andre aktørar som kommune og fylkeskommune kan det ta tid før ein endeleg får sikra bygda. Også andre stadar ser ein at til dømes nødvendige investeringar i fylkeskommunale bruer, som fylka ikkje har økonomi til å gjennomføre, forsinkar eller gjev redusert effekt av det som NVE vurderer som naudsynte flaumsikringstiltak.
Familien i Utvik vil etterkvart risikere å miste forsikringsmidlar dei har krav på, fordi dei offentlege prosessane kring flaumsikringa tek tid. Investeringane som NVE rekna som naudsynte for å rekne bygda som sikker vart ikkje dokumentert i første omgang. Seinare rapportar har vore motstridande med tanke på behovet for sikring i Utvik. Sett frå lokalsamfunnet og kommunen si side har rapportane peika på unødvendige inngripande og dyre tiltak, samt bidrege til at prosessen med å ferdigstille sikringsarbeidet framleis ikkje er avslutta.