Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for å sikre at helikoptertrafikken til felta utanfor Sogn og Fjordane foregår i tråd med det som er føresetnadane for utbygging og drift av Tampenområdet og Gjøa i konsesjonane, nemlig at Florø skal vere utgangspunkt for forsyning og logistikk?
Begrunnelse
Den siste tida helikoptertrafikken frå Florø til felta på tampen periodevis blitt flytta til å gå frå andre helikopterbasar. Det får negative ringverknader for aktiviteten ved Florø Lufthamn og anna lokal aktivitet knytt til petroleumsaktiviteten. Det har heile tida vore ein føresetnad at aktiviteten på norsk sokkel skal skape aktivitetar i lokalsamfunna langs kysten. Det er viktig for å sikre positiv utvikling i heile landet og det er viktig også for legitimiteten til næringa. At konsesjonsvilkåra bevisst eller ubevisst vert uthola kan bidra til å svekke både aktivitet og omdømmet til næringa i lokalsamfunna langs kysten vår. Det er difor viktig at regjeringa er tydelege på at ein forventar at konsesjonsvilkåra vert oppretthaldne og at næringa framleis skal bidra til aktivitet, sysselsetting og utvikling langs kysten vår.