Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3090 (2024-2025)
Innlevert: 04.09.2025
Sendt: 04.09.2025
Besvart: 11.09.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa gi nytt oppdrag til Kystverket om å arbeide vidare for heving av U- 848 utanfor Fedje, i lys av rapport frå Forsvarsmateriell om reell risiko for at at torpedoar vil detonere og at at tildekking av vraket vil vere ei uforsvarleg løysing, og at vraket og lasta må hevast for å hindre spreiing av kvikksølv?

Begrunnelse

Viser til spørsmål , dokument 15.3079 ( 2024-2025) , sendt 3.9.2025, og ber om at svar blir sett i samanheng med det. Bergensavisen kan i dag fortelje om at FOrsvarsmateriell har fått i oppdrag å vurdera såkalla ammunisjonstryggleik i ubåtvraket, på oppdrag får Forsvarsdepartementet og Kystverket. Dei vurderer at torpoane i ubåten på eit eller anna tidspunkt vil detonera, og at ei tildekking ikkje vil hindra spreiing av store mengder kvikksølv. Ekspertane vurderer difor at tildekking av ubåtvraket, er det mest risikable alternativet, og at dette vil vere uforsvarleg særleg så lenge torpedoane ikkje er fjerna. Prosessen med å dekka til kan og uløysa ei detornering av torpedoane. Dei tilrår difor heving av både vraket og lasta. Det er då nødvendig at regjeringa gir eit nytt og endra mandat til Kystverket, og å ikkje bare ha som mål å heve lasta, men også vraket.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Eg viser til svar på spørsmål nr. 3079, der det mellom anna kjem fram at Kystverket har fått i oppdrag å gjennomføre undersøkingar for å kartlegge vraket av U-864 og områda rundt, med sikte på å redusere uvisse knytt til eventuell heving av delar av kvikksølvlasta. I arbeidet med desse undersøkingane har Kystverket henta inn bistand frå relevante kompetansemiljø, også Forsvarsmateriell (FMA). Råda frå FMA vil inngå i den vurderinga Kystverket skal gjere når dei skal legge fram anbefalinga si om den vidare handteringa om ubåtvraket og kvikksølvforureininga. Når denne vurderinga ligg føre, vil regjeringa kome tilbake til den vidare prosessen.