Erling Sande (Sp): Kva har statsråden tenkt å gjere for å hindre nedlegging av viktige funksjonar ved lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid, og vil statsråden gje eit tydeleg signal til helseforetaket at dei foreslåtte strukturendringane ikkje kan aksepterast?
Begrunnelse
Helse Førde varsla denne veka drastiske omleggingar av helsetilbodet i Sogn og Fjordane. Tilbod som skadepoliklinikkar og barseltilbod ved lokalsjukehusa i Nordfjord og Lærdal er foreslått nedlagt. Forslaga som helseforetaksstyret skal drøfte vil ha store konsekvensar for transport og reisetid for pasientar. Det vil råke moglegheit til å få utført helsetenester, både planlagt behandling og akuttbehandling nær der dei bur. Det vil også føre til ei generell svekking av beredskapen i dei to regionane. Vidare vil det dramatisk svekke fagmiljøa ved dei to lokalsjukehusa og det vil i etterkant gjere det vanskelegare å rekruttere personell for dei gjenværande funksjonane.