Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

Dokument nr. 15:3139 (2024-2025)
Innlevert: 17.09.2025
Sendt: 17.09.2025
Besvart: 24.09.2025 av energiminister Terje Aasland

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kvifor blei fem dokument om Norgespris og forholdet til EØS-avtalen frå Wiersholm mottatt av Energidepartementet 14. februar, 19. februar, 27. februar, 14. mars og 23. april ikkje fortløpande ført inn i postjournalen, men først journalført 16. juli, 24. juli og 18. august, og kvifor opplyste ikkje energiministeren i sine svar på Dokument nr. 15:2650 (2024-2025) og Dokument nr. 15:2825 (2024-2025) Stortinget om at det eksisterte endå fleire dokument frå Wiersholm om saka som ikkje var journalført?

Begrunnelse

Dokumenta det gjeld omhandlar forslaget om ny lov om Norgespris og straumstønad til husholdninger sett opp mot EØS-retten. Dokumenta har saksnummer 2025/624, og spørsmålet gjeld dokument 19, 20, 21, 25 og 65 tilknytt denne saka.
I svar til Stortinget på spørsmål Dokument nr. 15:2650 (2024-2025) oversendt 26/6, viste statsråden til «høy arbeidsbelastning» som årsak til forsinka journalføring av dokument frå advokatfirmaet Wiersholm om denne saka.
Pussig nok ser ikkje den høge arbeidsbelastninga ut til å ha gått ut over journalføring av nokon andre dokument i saka enn dei EØS-rettslige betraktningane frå Wiersholm. På nytt spørsmål frå Stortinget om kvifor det er slik, oversendt 7/8, klarer ikkje departementet å gi noko forklaring på dette, jmf. Dokument nr. 15:2825 (2024-2025).
No kan det sjå ut til at den sterkt forseinka journalføringa av dokument frå Wiersholm går inn i eit endå meir omfattande og systematisk mønster, ved at det gjeld endå fleire dokument enn det som tidlegare har vore kjent.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Dokumentene som ble journalført 16. juli, 24. juli og 18. august, er e-postkorrespondanse med advokatfirmaet Wiersholm i forbindelse med det juridiske oppdraget de ble tildelt om utredningen av Norgespris.
Etter en intern gjennomgang ble det oppdaget at denne e-postkorrespondansen ikke var blitt journalført, noe som skyldes høy arbeidsbelastning på det tidspunkt e-postutvekslingen fant sted. Disse dokumentene har derfor blitt arkivert på et senere tidspunkt enn de juridiske vurderingene som departementet mottok fra Wiersholm.