Hege Bae Nyholt (R): Er regjeringa villige til å hjelpa studentar frå Gaza til Norge slik at dei kan fullføra si utdanning og bidra til å byggja opp heimstaden sin, og kva vil regjeringa i så fall gjera for å få fortgang i ein slik prosess?
Begrunnelse
Raudt meiner at Norge må gjera meir for Palestina. I over 23 månader har bombene hagla over Gaza og tusenvis av menneske er drepne. For dei overlevande på Gaza finst det nesten ingen kvardag meir. Ingen jobb, ingen skule.
I Storbritannia har dei nå opna for å ta imot studentar frå Gaza, slik at dei får fullføra si utdanning i tryggleik. Studentane frå Gaza frå bistand frå britiske styresmakter til å evakuera. Det same vil også irske styresmakter tilby. Nå krev mellom anna NSO at Norge må gjera det same. I ei pressemelding seier leiar i NSO, Sigve Næss Røtvold at dei forventar at Norge skal vera eit føregangsland i arbeidet med å hjelpa palestinske studentar. Raudt er einige i dette.
Utanriksminister Espen Barth Eide har uttala til Universitas at regjeringa er opne for ei slik ordning, og at det ikkje er noko som står i vegen for dette reint prinsipielt.