Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for å sikre at jerv som kjem inn i områder der beitedyra har prioritet vert tatt ut og at det skjer raskt slik at det ikkje vert store tap av beitedyr?
Begrunnelse
I Luster i Sogn har jerv denne sommaren gjort stor skade på saueflokkar på beite i fjellet. Sauene beiter i områder som er prioritert for beiting og tanken bak rovdyrforvaltninga er at i desse områda skal rovdyr som gjer skade på husdyr takast ut raskt. Likevel ser vi at det ofte tek tid før nødvendige fellingsløyver vert gjevne og uttak skjer. Det fører til at husdyra lid unødig og er ei belastning også for bøndene som driv i området. I tillegg svekker det tilliten til rovdyrforvaltninga.