Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:21 (2025-2026)
Innlevert: 02.10.2025
Sendt: 13.10.2025
Besvart: 17.10.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva har samferdselsministeren gjort for at skiltregelverket blir overholdt ved endra fartsgrenser på E6?

Begrunnelse

Underteikna har ved fleire høver i fleire spørsmål stilt spørsmål om rutinene og kontroll ved skilting av ulike vegarbeid og tiltak på E6 frå Oslo til Otta.
Fortsatt er det mykje rar skilting, der pluttseleg skilt står uten mål og meining, manglande oppheving av nedsatt fartsgrenser og skilt som regelrett ser ut til å vere "gløymt" å plukke vekk.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Entreprenøren har hovudansvaret ute på vegen og skal sørge at alle skilt og anna utstyr er i samsvar med godkjent arbeidsvarslingsplan. Når vegarbeidet er avslutta skal alle skilt og ut-styr knytt til arbeidsvarsling fjernast så fort som mogleg.
I tilfelle der det er forhold på vegen eller i sideterrenget som kan vere trafikkfarlege, kan det ve¬re naudsynt å skilte med nedsett fartsgrense. Det kan vere fleire årsaker til dette. Eit dø¬me er vegstrekningar der rekkverk manglar eller er skada, eller at det står ubeskytta side¬hin¬der i sideterreng som kan vere farlege å køyre på. Av omsyn til trafikktryggleik vil det vere naud-synt å sette ned farten på aktuell vegstrekning til rekkverket er utbetra.
Når arbeidet langs eller på vegen opphøyrer i helga, er det ikkje nødvendig å oppretthalde skilting av nedsett fart dersom det ikkje er fare for trafikantar. Entreprenøren skal då fjerne, snu eller dekke til skilta for nedsett fart når arbeidet ikkje går føre seg, for å unngå forvirring og sikre normal trafikkflyt.
I andre tilfelle skal den midlertidige fartsgrensa opphevast når det ikkje vert arbeidd på ve¬gen. I dei fleste tilfelle har entreprenøren ein eigen plan som gjeld utanom arbeidstid. Vi er klar over at dette dessverre ikkje alltid vert følgt opp av entreprenør ute på vegen.
Statens vegvesen kontrollerer arbeidsvarsling knytt til vegarbeid. Både byggherre og skilt-myndigheit utfører jamlege kontrollar. Kontrollane som skiltmyndigheiten gjer, er fordelt på Euro¬pa-, riks- og fylkesvegar. Så langt i år er det utført om lag 120 kontrollar i Innlandet og Akershus, og av desse er 15 kontrollar gjennomførte på den aktuelle strekninga.
I tillegg blir dei enkelte arbeidsområda følgde opp med entreprenør gjennom dialog og rettlei-ing ute på det aktuelle anlegget. Mindre avvik vert peika på og retta opp med det same.
Statens vegvesen følger opp arbeidsvarslingsplanar gjennom kontrollverksemd basert på til-gjengelege ressursar og arbeider med å utvikle digitale system for å effektivisere kontroll¬verk-semda.