Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:327 (2025-2026)
Innlevert: 02.11.2025
Sendt: 03.11.2025
Besvart: 06.11.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden gripe inn og sikre at det blir skilta frå riksveg 13 til "stavkyrkja" i Odda?

Begrunnelse

Ein søknad frå Bygg og anlegg kompetanse AS om å skilte til campingsplass, restaurant og stavkyrkje frå riksveg 13 er vistnok blitt avslått av Statens vegvesen. Dette stedet er kjent og må verkelig kunne seiast å vera ein serverdighet. Uansett så oppstår det fleire som kjører feil i dag og eit skilt ville vært på sin plass. At terskelen for å sette opp skilt til ting folk ynskjer å ha skilt til er med å forsterke folk sitt syn på at byråkratiet er blitt for firkanta.

Saka er omtalt i Hardanger folkeblad:

https://www.hardanger-folkeblad.no/vegvesenet-nekter-a-kalle-stavkirken-for-severdighet/s/5-22-728529

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Serviceskilt og verksemdvising, som viser til verksemder, sjåverdigheiter eller andre aktivi-tetar og tilbod langs vegen, er regulerte i skiltforskrifta.

Søknad om slik skilting må innehalde informasjon om kvifor det er behov for skiltinga, og kor skilta skal plasserast. Meir informasjon om dette går fram av kapittel 7 i skiltnormalen N300.

Som samferdselsminister går eg i utgangspunktet ikkje inn i enkeltsaker av denne typen. Når det gjeld den konkrete saka, har eg likevel fått opplyst at Statens vegvesen ikkje har avslått søknaden om skilt til campingplass, restaurant og stavkyrkje frå riksveg 13. Det Statens veg-vesen har gjort, er i brev datert 14. oktober 2025 å etterspørje meir informasjon for å kunne hand¬same søknaden. Vegvesenet har også vært i dialog med søkjar.

Ved oppdatert søknad, vil Statens vegvesen vurdere saka på nytt.