Frank Edvard Sve (FrP): Kan finansministeren leggje fram prisveksten for drivstoff, diesel og bensin frå 2020 og fram til i dag, både gjeldande anleggs diesel og vanlig diesel, målt mot prisveksten og lønsveksten til vanlige folk, og kan finansministeren forklare korleis Sverige som ikkje har pumpa opp ein liter olje kan ha drivstoffprisar på i dag rundt 15/16 kr literen?
Begrunnelse
I mitt omtalte spørretimespørsmål for nokre veker sidane til finansminister Stoltenberg, stilte eg spørsmålet om statsråden hadde kjøpt eller køyrt bil i det siste, og fått med seg dei ekstreme prisaukane for drivstoff som har vore sidan 2020 til i dag.
Dette rammar vanlige folk landet rundt som er aldeles avhengige av bil, som ikkje har millionlønn og heller ikkje økonomiskme grunnlag for å kunne kjøpe ny dyr el-bil, spesielt gjelder dette også ungdom og pensjonistane.
Svaret til finansminister på mitt tilleggsspørsmål vitna rett og slett om null forståelse for dette, ikkje rart nå finansministeren la fram eit budsjettframlegg frå AP som hadde som mål å auke drivstoffprisane ytterligere.
Det finansministeren heller ikkje har fått med seg tydelegvis, er at næringslivet, fylkeskommunane eller kommunanen ikkje har noko ,"norgespris" for strøm, og blir ramma brutalt av skyhøge strømprisar i sin drift, der det no i fleire områder har blitt pålagt nullutslipp. Til dømes rammer dette alt av kollektivdrift som AP har pålagt skal vere nullutslippsbussar med Kinesiske bussar.
Frå før er spesielt transport, bygg og anleggsbransjen hardt ramma av kraftig auka drivstoffprisar, der næringslivet sjølvsagt ikkje på nokon måte har muligheita til å omstille seg så raskt som regjeringa ynskjer til eit aldeles greinalaust nullutslippsgrunnlag i sin drift.
Ref MEF sin rapport frå i sommar som viste at anleggsdrift med nullutslipp var heile 89 % dyrare enn med konvensjonelt drivstoff, der mesteparten av anleggsmaskiner og anna utstyr fortsatt er fleire gongar dyrare i innkjøp enn Euro 6, samt at det rett og slett ikkje er mulig å bruke i mange samanhengar.
"Rimeleg tåpeleg med dieselagregat for å lade slike nullutslippsmaskiner, der det slett ikkje finnes verken straum eller lademuligheit".
Rundt om i distrikta er faktisk folk flest heilt avhengige av bilen i sitt daglige virke, og det er kanskje på tide at regjeringa og finansministeren forstår dette, kommer seg ut blant vanlige folk og får oppleve korleis det i praksis er å leve i distrikta, måtte køyre milevis på jobb, køyre ungane til barnehage og skule og fritidsaktiviteter, i områder av landet som faktisk står for mesteparten av verdiane og som finansministeren forpakter på vegner av det norske folket.