Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:861 (2025-2026)
Innlevert: 18.12.2025
Sendt: 19.12.2025
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva gjer statsråden heilt konkret for å sikre pasienttryggleiken i Noreg i ein situasjon der media avslører at systemet ein har for å varsle om alvorlege hendingar mellom land, ikkje fungerer (IMI), kva konsekvensar får dette no for arbeidet i Noreg, og kva konkret, og i kva fora, har regjeringa tatt opp denne saka internasjonal og kva er prosessen vidare?

Begrunnelse

VG har no avslørt at halvparten av europeiske land ikkje har opna dei mest alvorlege varsla om legar og helsearbeidarar i fjor. Helseministeren uttalar til VG at :

"..det er bekymringsfullt at andre land ikke har gode rutiner og prosesser for håndgering a varsler i IMI. Det er først og fremst en fare for pasientsikkerheten i landene det gjelder".

Men dette er også ein fare for pasienttryggleiken i Noreg, noko som helsemininisteren tilsynelatande ikkje er bevisst på. For om det er land som ikkje opnar varsel, så sender dei nok heller ikkje slik. Dette vil verke begge vegar.
At ein har eit varslingssystem blant land i Europa som er ute av funksjon fordi det er ikkje blir brukt, er ein fare for pasienttryggleiken ogsåi Noreg. Det er avgjerenade at regjeringa tar grep og kan synleggjere kva dei gjer i denne situasjonen.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig