Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:974 (2025-2026)
Innlevert: 22.12.2025
Sendt: 22.12.2025
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva er det rettslege grunnlaget for dispensasjonar som slepp havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av dispensasjonspraksisen for å sikra at han er i tråd med Stortingets intensjonar knytt til sjøsamiske interesser, kystfiskarar og vern av sårbare bestandar?

Begrunnelse

Fjordlinjene er fastsett for å skjerma gytefelt, kystnære økosystem, sjarkflåten og tradisjonelt sjøsamisk fiske. Dispensasjonar skal berre bli gitt i særlege tilfelle. Når store fartøy får dispensasjon kvart einaste år, mistar ordninga sin funksjon.
Det er reist alvorleg tvil om det er lovleg å gi dispensasjonar som slepp store havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, herunder i nasjonale laksefjordar. Når dispensasjonar blir gitt som ein etablert praksis, kan dette reelt innebera ei skjult forskriftsendring, utan høyring, utan konsekvensutgreiing og utan demokratisk behandling i Stortinget.
Samtidig verkar det ikkje som at det blir gjort tilstrekkelege vurderingar av den samla belastninga på fjordøkosystema, slik naturmangfaldlova krev. Det er vidare reist spørsmål om manglande konsultasjonar med sjøsamiske interesser, fråvær av kultur- og næringsvurderingar og manglande analysar av konsekvensar for sjøsamisk fiske.
Statsråden bør derfor gjennomgå praksisen og gjennomføra konsultasjonar med samiske interesser, slik lova krev. Før dette er gjennomført bør nye dispensasjonar stoppast.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig