Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:975 (2025-2026)
Innlevert: 22.12.2025
Sendt: 22.12.2025
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra.
Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg særskilt ansvar for gjennom medisinsk evakuering - den grunnleggande menneskeretten det er å ha eit familieliv?

Begrunnelse

Eg viser til tidlegare spørsmål nr. 2131 (2024-2025) om same sak.

Fire år gamle Manal vart medisinsk evakuert frå Gaza for behandling i Noreg for eit år sidan og kom hit saman med mor Tamara. Far Ahmad og veslebror Rajab er igjen i Gaza.

Ahmad og Rajab har fått opphaldsløyve av UDI, men vedtaket går ut i februar og den humanitære situasjonen i Gaza er frykteleg. Teltet dei bur i er oversvømt grunna vinteren og avløpssystemet som er øydelagt av israelske angrep. Vatn, kloakk og søppel flyt i gatene og madrassane dei søv på er gjennomvåte.

Den Internasjonale Raude Krosskomiteen kan hjelpa faren og veslebroren med å koma seg til grensa, men det er naudsynt med konsulær bistand for å få familien trygt ut av Gaza, gjennom Israel, Jordan eller Egypt og hit til Noreg.

ICRC har uttrykt at dei i visse tilfelle kan hjelpa med delar av evakueringa, men dette gjeld prosessen inne på Gaza. Grensekryssinga ut av Gaza, videre reise gjennom Israel, grensekryssing inn i Jordan og vidare reise til Noreg er umogleg utan konsulær bistand frå norske styresmakter.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig